Regjeringa deler ut 150 millionar kroner til opplæring på arbeidsplassen

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

7 400 vaksne i over 700 verksemder over heile landet får pengar til opplæring i lesing, skriving, og digitale ferdigheiter gjennom Kompetanseplussordninga. Viken, Oslo og Rogaland er fylka som får mest midlar i år.

− Arbeidsgivarar i alle bransjar stiller stadig høgare krav til kompetanse. Kompetansepluss er derfor ei svært viktig ordning for arbeidslivet, slik at tilsette blir rusta til å kunne halde fram i jobbane sine. Dei høge søknadstala viser kor viktig tilskotsordninga Kompetansepluss er for mange både i arbeidslivet og innan frivilligheita, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Koronakrisa dei siste to åra har vist at personar med låg eller liten formell kompetanse, er dei som fell ut av arbeidslivet først. Dei vil òg slite med å kome tilbake igjen i arbeidslivet.

−  Ved å gi desse meir utdanning og kompetanse, investerer vi i arbeidsmarknaden i framtida både på kort og lang sikt. Dette er vinn-vinn for arbeidstakarar, arbeidsgivarar og samfunnet, seier Moe.

Tildelte pengar fordelt på fylke

Kroner

Agder

  6 480 000

Innlandet

  3 720 000

Møre og Romsdal

  4 320 000

Nordland

  3 540 000

Oslo

45 465 000

Rogaland

23 355 000

Troms og Finnmark

  4 060 000

Trøndelag

19 590 000

Vestfold og Telemark

14 475 000

Vestland

  1 350 000

Viken

22 62 0000

Styrkar folks datakunnskapar

Formålet med Kompetansepluss-ordninga er å styrke vaksne sine grunnleggande ferdigheiter. I årets utdeling er søknader som kombinerer opplæring i digitale ferdigheiter med lesing og skriving prioriterte. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som vurderer søknadene.

− Koronapandemien har vist at skriftleg kommunikasjon på digitale plattformer er svært viktig på alle utdanningsnivå og i alle yrke. Digitale ferdigheiter er allereie ein essensiell del av arbeidskvardagen, og vil bli endå viktigare i framtida. Derfor satsar vi sterkt på dette, seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.

Årets tildeling

  • 343 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, til saman 135,4 millionar kroner
  • 9 prosjekt innan Kompetansepluss arbeid, samisk, til saman 3,6 millionar kroner
  • 31 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, til saman 8,9 millionar kroner
  • 2 prosjekt innan Kompetansepluss frivilligheit, samisk 1 millionar kroner

Fakta om Kompetansepluss

  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forvaltar ordninga. Dei tok i år imot 718 søknader til Kompetansepluss. Totalt vart det søkt om eit beløp på 276 millionar kroner
  • Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg og IKT, og dessutan norsk eller samisk.
  • Sidan oppstarten av Kompetansepluss arbeid i 2006 har 100 000 delteke i opplæring på arbeidsplass.
  • Kompetansepluss arbeid gir midlar til kurs for arbeidstakarar knytt til arbeidsplass.
  • Kompetansepluss frivilligheit gir midlar til kurs knytt til aktivitetar i frivillige organisasjonar.