Historisk arkiv

Regjeringa foreslår endringar i fråværsreglane ut skuleåret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Ikkje før til hausten 2021 treng elevar i vidaregåande opplæring å dra til fastlegen for å dokumentere fråværet sitt, foreslår Kunnskapsdepartementet. Målet er at elevar med milde, nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon ikkje skal føle seg pressa til å gå på skulen.

– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei ikkje skal møte på skulen. Vi forlenger unntaket i fråværsreglane for å unngå at elevar i karantene eller med milde symptom på luftvegsinfeksjon likevel møter på skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Sjølv om dei vanlege krava til dokumentasjon ikkje skal gjelde, må elevar yngre enn 18 år få stadfesting frå dei føresette. Elevar over 18 år kan bruke eigenmelding.

– Når vi no foreslår at unntaksreglane skal gjelde ut heile inneverande skuleår, er det for å gje skulane og elevane mest mogleg ro og eit føreseieleg skuleår i ei svært krevjande tid for mange, seier Melby.

Forslaget gjeld både offentlege skular og friskular. Fristen for høyringa er 27. oktober.

Oppdatert 02.11.20: Forlenger mellombelse unntak frå fråværsreglane ut skuleåret