Historisk arkiv

Regjeringa gir 15 millionar til Norges idrettsforbund i samband med OL i Tokyo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

– Regjeringa stiller opp med 15 millionar kroner, slik at det framleis skal vere mogleg å satse mot Tokyo neste sommar. Vi ser at NIF har fått ekstraordinære kostnadar fordi dei olympiske og paralympiske leikane blei flytta. Dette er kostnadar som ikkje blir dekt av andre kompensasjonsordningar, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

OL i Tokyo skulle ha gått av stabelen i 2020, men blei på grunn av koronapandemien flytta til 2021. NIF har søkt staten om å få dekt meirkostnadar dei har hatt på grunn av utsettinga. Kostnadane er blant anna knytt til behov for ekstra samlingar, utvida støtteapparat samt inntektsbortfall for utøvarar.

– Eg er glad for at vi kan bidra med 15 millionar kroner i nysalderinga av 2020-budsjettet for å dekke slike meirutgifter som har oppstått i 2020, avsluttar Raja.