Regjeringa gjer eiendomsmeglingsloven enklare

I statsråd vart det i dag sanksjonert lovendringar vedteken av Stortinget 11. desember 2017 som gjer eiendomsmeglingsloven enklare.

Endringane gjer det lettare for eigedomsmeklingsføretak å etablere filialar og gjere endringar i leiinga, utan at Finanstilsynet sin kontroll vert svekka. Lova legg også til rette for å ta i bruk elektronisk kommunikasjon og elektroniske medium, så lenge mottakar ynskjer det.

I tillegg vert tittelbruken i lova enklare, slik at alle som har lov til å drive med eigedomsmekling, får lov til å kalle seg eigedomsmeklar.

Stortinget sitt vedtak vart gjort etter eit framlegg i Prop. 158 L (2016-2017) Endringer i eiendomsmeglingsloven (forenklinger) og Innst. 47 L (2016-2017).

Lovendringane trer i kraft 1. januar 2018.

 

Les meir: