Statsbudsjettet 2019:

Regjeringa held fram satsinga på dei minste daglegvarebutikkane i distrikta

– Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i mange bygder, og avgjerande for levande lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Derfor satsar regjeringa vidare på Merkur-programmet, og løyver nær 50 millionar kroner for 2019.

Det er eit mål for regjeringa å oppretthalde grunnleggande tenester av god kvalitet i heile landet. Ein god daglegvarebutikk er eit viktig tenestetilbod.

Måla for Merkur-programmet er å styrke den butikkfaglege kompetansen, etablere fleire tenester i butikkane og fokusere sterkare på lokal samfunnsutvikling, og butikken som sosial arena. For å kome med i Merkur må butikkane oppfylle nærare definerte krav, knytt til vareutval, omsetnad, geografisk plassering og avstand til neste butikk.

– Investeringsstøtteordningane til Merkur bidreg til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønsame og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester, understrekar statsråd Monika Mæland.

– Merkur er eit godt, distriktspolitisk tiltak som verkar. Utan eit grunnleggande tenestetilbod – som daglegvarer – stoppar dei minste lokalsamfunna. Det er derfor vi vidarefører og styrker dei treffsikre ordningane som Merkur-programmet har, seier statsråden.

 

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin  pressetelefon 22 24 25 00.

Til toppen