Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa innfører eit eige rabattkort for personreiser på ferjer

- Regjeringa ønskjer å gjera det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørgjer vi for at dei som reiser utan køyretøy får bli del av AutoPASS-ordninga, slik ordninga var tidlegare. Dette er viktig for dei det gjeld, for det skal framleis vera enkelt å ta ferje i Noreg, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Etter at regjeringa bad Vegdirektoratet sjå på regelverket for AutoPASS på ferjer, kom direktoratet med eit framlegg til å oppretta eit eige AutoPASS ferjekort for personreiser, som ein første delleveranse. Samferdselsdepartementet endrar no regelverket slik at ordninga kan innførast.

- Når AutoPASS for ferje vart innført frå årsskiftet, var det ikkje intensjonen at folk skulle oppleve eit dårlegare tilbod. På den bakgrunn har eg teke fleire initiativ for å auke fleksibiliteten. Vi kjem til å levere dette fortløpande gjennom denne hausten, seier Dale.

Før sommaren gav departementet Vegdirektoratet i oppdrag å sjå på utforminga av takstregelverket, med sikte på justeringar av korleis regelverka fungerer. Siktemålet er å finna løysingar slik at vilkåra for å oppnå rabatt skal vere like god  tidlegare ordningar.

Samferdselsministeren peikar på at det er bede om ei løysing slik at idrettslag og i framtida kan reisa slik dei gjorde tidlegare. Utover første delleveranse med eige personkort for personar, er direktoratet bede om å sjå på ordningar for mellom anna forskottsbetaling for næringslivet.

- Eg har forsikra meg om at dette arbeidet har høg prioritet i vegdirektoratet, slik at folk så raskt som råd får betre tenester enn i dag, seier samferdselsministeren.

Til toppen