Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Regjeringa inviterer til seminar om seniorar, omstilling og entreprenørskap 11. januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsrådane Bent Høie og Monica Mæland inviterer til frokostseminar, og utfordrar eigar i Ferd, Johan H. Andresen, og adm.dir. i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, til å snakke om kva som trengs for å stimulere seniorar til gründerverksemd og entreprenørskap. Kva skal til for at kompetente fagfolk på 50+ skal bygge opp nye suksessfulle verksemder? Er det berre dei unge som har motet som skal til?

Seniorar har erfaring, kunnskap, idear og eit ønske om å bidra, men mykje av politikk og verkemiddel er retta inn mot ungt entreprenørskap og unge oppstartsbedrifter. Korleis kan næringsliv og offentlege styresmakter bidra til å realisere potensialet i senior-entreprenørar? Kva for moglegheiter og verkemiddel har vi? Korleis kan desse utnyttast best mogleg?

Stad: DogA, Hausmannsgate 16 (ved Akerselva)

Dato og klokkeslett: 11. januar, 8.30-10.30

Møteleiar: Erik Aasheim

Program: 

  • Opning ved DJ-Grandma fra Nesodden
  • Statsrådane Bent Høie og Monica Mæland innleier om kva for moglegheiter vi har – om regjeringa sin politikk for omstilling, entreprenørskap og betre inkludering av seniorar
  • Er verkemidla vi har for entreprenørskap treffsikre nok for å realisere ressursane i seniorane våre?

Refleksjonar frå:

  • Johan H. Andresen, Ferd. Ferd markerer seg på ungt entreprenørskap –  men kva med dei eldre, dei som faktisk har erfaring, kan vi matche desse og få nye synergiar?
  • Anita Krohn Traaseth, direktør Innovasjon Norge.  Alle kan bidra. Gamle som unge.  Korleis stimulerer Innovasjon Norge seniorar til å omstille kunnskap og erfaring til gründerverksemd og entreprenørskap?
  • Kva skal til for å lykkast – Erik Haugane, senior og "seriegründer". Han er frå Mo i Rana og basert i Trondheim. I tillegg til oljeselskapet OKEA, har han i seinare tid vore med på å gründe "Blueye Robotics AS", samt "Trafikkselskapet AS". Haugane blei prisbelønna under "Manifestasjonen" i Trondheim i år.
  • Debatt: Korleis skal vi bli betre på å få seniorane med som entreprenørar?
     

Pressa er velkomen til å delta.

Statsrådane og dei andre deltakarane er tilgjengelege for kommentarar frå pressa etter programmet.