Historisk arkiv

Regjeringa lanserer strategien "Noreg som attraktiv kulturdestinasjon"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen la torsdag fram ein strategi for å styrkje kulturaspektet i reiselivsatsinga.

Trine Skei Grande og Torbjørn Røe Isaksen med strategien i hendene.
Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen lanserte strategi for kultur og reiseliv på DogA under konferansen "Kultur, reiseliv og lokal utvikling" torsdag 13. juni. Foto: Wenche Nybo/KUD

- Med denne reiselivsstrategien skal vi bidra til at fleire får auga opp for Noreg som kulturnasjon. Det er ikkje alle det passar for å tilbringe ferien i ein kano eller på ein fjelltopp, men som gjerne vil reise for å sjå Skrik med eigne auge på Munchmuseet, street art i Lofoten eller Vinjerock i Jotunheimen. Difor legg regjeringa fram ein kultur og reiselivsstrategi for å styrkje Noreg som reisemål for kunst og kulturopplevingar, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

- Det ligg eit stort potensiale for verdiskaping og lønsemd i skjeringspunktet mellom kultur og reiseliv. Kulturturisme kan bidra til meir aktivitet, næringsutvikling og fleire heilårsarbeidsplassar over heile landet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Reiselivstrategien "Noreg som attraktiv kulturdestinasjon"

Kultur og reiselivstrategien legg opp til fire innsatsområde:

  1. Samspel mellom kultur og reiseliv
  2. Kunnskap- og kompetansebygging
  3. Kulturelle reiseopplevingar
  4. Profilering av Noreg som kulturdestinasjon

Dei viktigaste tiltaka i strategien er

  • Stimulere til etablering av bedriftsnettverk i skjeringsfeltet mellom kultur og reiseliv
  • Leggje til rette for at fleire kan kvalifisere for å delta i næringsklynger
  • Pilotprosjekt for lettare tilgang til kulturinstitusjonar. Kulturinsitusjonar skal få høve til å vurdere korleis dei kan gje dei besøkjande eit annleis eller nytt tilbod. Dette kan gjere dei meir attraktive i ein lengre periode av året og døgeret.
  • Tydeleggjere kulturdimensjonen i den statlege profileringa av Noreg som reisemål gjennom Innovasjon Noreg.
  • Bidra til meir forsking på kulturbasert reiseliv gjennom Noregs forskningsråd
  • Syrgje for at dei nye signalbygga i Oslo som opnar i 2020 bidrar til å gjere Oslo og Noreg til attraktive kulturdestinasjonar