Historisk arkiv

Regjeringa legg fram lovendringar som legg til rette for overføringa av fylkesvegadministrasjonen til fylka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Overføring av fylkesvegadministrasjonen frå Statens vegvesen til fylka er ein del av regionreforma, og vil styrke fylkeskommunane i arbeidet med fylkesvegane. I dag foreslår vi dei lovendringane som er nødvendig for å gjennomføre overføringa, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Norges lover
Foto: Olav Heggø/Fotovisjon

Forslaget til endringar i veglova og fleire andre lover, som regjeringa legg fram i dag, følgjer opp vedtak som er gjort i Stortinget om at fylkesvegadministrasjonen skal flyttast frå Statens vegvesen til fylka, og fleire avgjerder som regjeringa har fatta i samband med dette.

Eit viktig spørsmål i arbeidet med lovforslaget, har vore utforminga av reglane for overføring av tilsette. Forslaget regjeringa no legg fram til overgangsføresegner, legg opp til ei avtalebasert overføring av tilsette. Dette er for at fylkeskommunane sjølv skal kunne velje korleis dei nye oppgåvene skal løysast.

- Regjeringa er opptatt av at dei tilsette i Statens vegvesen skal bli tekne godt hand om i denne reforma. Derfor foreslår vi eigne overgangsreglar for tilsette i Statens vegvesen som går over til ein fylkeskommune gjennom avtale mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane. Dei som går over, tek med seg lovregulerte rettar inn i det nye arbeidstilhøvet. Samstundes får fylkeskommunane overført vegfagleg kompetanse, seier Dale.

Det vert òg gjort endringar i lovverket rundt organiseringa av Statens vegvesen, som i dag er delt inn i eit direktorat og fleire regionvegkontor. Dette er fastsett i lov. I dei føreslåtte lovendringane vert dette endra, slik at organiseringa av Statens vegvesen ikkje er avgrensa gjennom lovverket.

- Statens vegvesen står overfor store endringar. Det er derfor viktig at lovverket gir nødvendig fleksibilitet i dei endringsprosessane etaten no skal gjennom. På den måten kan vi få på plass ein organisasjonsmodell som legg til rette for gode tenester for brukarane og som sørger for at etaten når måla om meir veg for pengane og reduserte interne kostander, seier samferdselsminister Dale.

Fortsatt god samfunnstryggleik

Samferdselsdepartementet foreslår òg ei ny føresegn om ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap i vegsektoren. Dette er eit ansvar Statens vegvesen, fylkeskommunane og kommunane har som vegstyremakter og Nye Veier AS som ein del av sine oppgåver i dag. Gjennom forslaget vert ansvaret Statens vegvesen har og framleis skal ha for nasjonale oppgåver som gjeld samfunnstryggleik og beredskap, det nasjonale registeret for vegdata og informasjon for offentleg veg vert ein del lova (regulert).

Les meir: Prop. 79 L (2018-2019) Endringer i veglova mv. (overføring av fylkesveiadministrasjonen)