Historisk arkiv

Regjeringa lovfestar tilskotsordninga for sjøfolk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å lovfeste tilskotsordninga for sjøfolk. Ordninga skal sikre norske arbeidsplassar og maritim kompetanse.

-Tilskotsordninga er eit viktig verkemiddel for å bevare Noregs posisjon som ein leiande maritim nasjon. Lovfesting av tilskotsordninga vil gi auka stabilitet i rammevilkåra for næringa. Eg er derfor glad for at regjeringa følgjer opp lovnaden sin om å gjennomføre dette, seier næringsminister Monica Mæland.

Lovforslaget er ei oppfølging av Sundvollen-erklæringa og regjeringa sin maritime strategi.

-Ei god tilskotsordning er ein føresetnad for å sikre norsk maritim kompetanse, rekruttering av norske arbeidstakarar til sjøs og at reiarlaga har konkurransedyktige rammevilkår, seier Mæland.

Talet på sjøfolk som er omfatta av ordninga har vore relativt stabilt dei siste åra.  I 2015 var omtrent 11 900 sjøfolk inkluderte i ordninga, fordelt på omlag 120 reiarlag.

Det er Stortinget som fastset størrelsen og innretninga av pengestønaden gjennom årlege budsjettvedtak. Det er venta at utbetalingane i 2016 vil utgjere 1 850 millionar kroner.

Fakta om tilskotsordninga

  • Tilskotsordninga skal sikre norsk maritim kompetanse, rekruttering av norske sjøfolk og sikre reiarlaga konkurransedyktige rammevilkår.
  • Reiarlag og andre organisasjonar som har drift av skip registrert i norsk ordinært skipsregister (NOR) eller norsk internasjonalt skipsregister (NIS) kan få tilskot.
  • Tilskotet blir berekna på grunnlag av skatt, trygdeavgift og norsk arbeidsgivaravgift.