Historisk arkiv

Regjeringa ønskjer norsk deltaking i Erasmus+

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Kongen i statsråd har i dag vedteke å leggje fram ein proposisjon til Stortinget om å innlemme Erasmus+ i EØS-avtalen. Erasmus+ er EU sitt nye program for utdanning, ungdom og idrett.

Det er venta at Stortinget behandlar saka i løpet av dei neste månadene. I så fall kan norske aktørar delta fullt ut i programmet, frå og med dei første utlysingane som kjem til våren. 

- Erasmus+ gir moglegheit til både utveksling og samarbeid. Internasjonalt samarbeid om utdanning og opplæring er viktig for ytterlegare å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet,  seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Deltaking i programmet vil gi nordmenn nye moglegheiter for samarbeid og kontakt på tvers av landegrenser innanfor utdanning, idrett og barne- og ungdomsarbeid. Norske elevar, lærlingar, studentar, lærarar og andre tilsette i utdanningssystemet kan nyte godt av programmet. Det same kan ungdom, tilsette og tillitsvalde i frivillige organisasjonar og fritidsklubbar. Programmet er òg aktuelt for aktørar i norsk idrett.

Erasmus+ gir òg tilgang til verdifulle nettverk av europeiske samarbeidspartnarar for norske institusjonar og aktørar.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) skal vere nasjonale kontor for Erasmus+.