Historisk arkiv

Regjeringa nemner opp utval om klimatilpassing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa har i dag nemnd opp eit offentleg utval som skal sjå på konsekvensane av klimaendringane. Utvalet skal identifisere og drøfte utfordringane, og føreslå tiltak for korleis vi best kan førebu samfunnet på eit anna klima i framtida. Utgreiinga blir leia av Oddvar Flæte som er fylkesmann i Sogn og Fjordane. Det blir breitt samansett av ekspertar frå forskning, næringsliv og offentleg forvaltning.

Regjeringa har i dag nemnd opp eit offentleg utval som skal sjå på konsekvensane av klimaendringane. Utvalet skal identifisere og drøfte utfordringane, og føreslå tiltak for korleis vi best kan førebu samfunnet på eit anna klima i framtida. Utgreiinga blir leia av Oddvar Flæte som er fylkesmann i Sogn og Fjordane. Det blir breitt samansett av ekspertar frå forskning, næringsliv og offentleg forvaltning.

- Vi er forbi det stadiet der vi berre må tenkje på kutt i utsleppa, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Uavhengig av om vi får ein ny global klimaavtale, må vi førebu oss på dei klimaendringane som vi veit vil kome.

Klimaendringane får verknader på mange ulike område. Naturen vil bli endra når det blir varmare, med nye artar som vil vandre nordover. Utsette lokalsamfunn vil kunne få utfordringar som fylgje av meir ekstremver. Der det blir venta meir nedbør kan det bli auka behov for vedlikehald av bygningar og vegar. Fiskarar og havbruksnæringa kan bli tvungne til å omstelle seg i takt med høgare havtemperatur. Reiselivsnæringa og mange bedrifter vil få nye utfordringar.

- Utvalet har fått eit omfattande mandat og står framfor ein kjempejobb. Det skal gjerast analysar av risiko og moglegheitene på mange ulike område. Det må skiljast mellom stort og smått. Det må drøftast kva vi må ta tak i no, og kva for utfordringar som vil liggja litt lenger fram i tid, seier Solheim.

Fordi dette er ein utfordring som rører ved mange, må også mange bli involvert. Det blir lagt vekt på openheit, og prosessen i seg sjølve blir viktig. Difor har vi sett frist fram til 1. november 2010 for den endelege rapporten, slik at det skal vere tid til å hente inn innspel frå så mange som mogleg, både styresmakter, interesseorganisasjonar og næringslivet. Utreiingsarbeidet skal bidra til å setje tilpassingsutfordringa på dagsordenen for alle dei som blir råka av klimaendringane.

- I eit internasjonalt perspektiv er det norske samfunnet robust. Utfordringa er langt større og meir akutte lenger sør. Konsekvensane vil bli størst i utviklingsland og det er viktig at utviklingssamarbeidet også får inn ein klimadimensjon. Noreg skal vere ein pådrivar for at også desse områda av verda skal styrkast i møte med klimaendringene, seier Solheim.

Utvalet sitt mandat og samansetjing ligg vedlagt.