Regjeringa satsar på domstolane

I Klassekampen den siste tida er det skapt eit inntrykk av at regjeringa kuttar og kuttar i domstolane, og at saksbehandlingstida aukar og aukar. Sanninga er at regjeringa styrkar domstolane.

Regjeringa er oppteken av at domstolane skal sikrast tilstrekkelege budsjettrammer. Det er viktig for folk sin rettstryggleik at saksbehandlingstida i domstolane ikkje blir for lang. Vi har difor sett i gang tiltak for å effektivisere og modernisere domstolane slik at dei blir godt rusta for framtida.

I forslaget til statsbudsjett som regjeringa no legg fram, styrkar vi domstolane med 13 millionar kroner i 2019 til å skifte ut teknisk utstyr. Dette vil sikre meir effektiv og stabil drift. Regjeringa foreslår også å halde fram satsinga på prosjektet Digitale domstolar med 40 millionar kroner i 2019.

Sidan 2014 er det løyva 80 millionar kroner til auka kapasitet og 235 millionar kroner til IKT-prosjekt i domstolane. Domstolane får også halde på dei pengane ein sparar ved avviklinga og juryordninga og prosjektet Digitale domstolar. Det er rett at avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma stiller generelle innsparingskrav til domstolane som til alle andre statlege etatar. Men med dei spesifikke budsjettsatsingane i reknestykket, har domstolane samla sett gått i pluss. Som ein ville sagt det i matvarebransjen: Det er sluttsummen på kassalappen som tel.

Regjeringa er klar over at det er ein krevjande situasjon i mange domstolar. Difor gjennomfører vi ei rekke tiltak som styrkar rettsstellet på lengre sikt. I tillegg til å digitalisere domstolane set regjeringa inn tiltak knytt til organisering. Dagens struktur er til hinder for å oppnå effektiv utnytting av ressursane. Vi har heile 97 domstolar berre i første instans, mange med få dømmande årsverk. I fjor sette regjeringa ned eit utval som greier ut korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta for framtida.

Betre regelverk kan óg bidra til betre saksavvikling i domstolane. Det er strenge krav til rettargangen, noko som er viktig for å sikre rettstryggleik. Men også rettargangsreglane må tilpassast endringar i samfunnet.

Regjeringa arbeider med ein ny straffeprosesslov som er betre tilpassa vår tid. Vi arbeider også med endringar i tvisteloven som vil kunne bidra til betre ressursutnytting i dei sivile sakene. Desse tiltaka er omfattande og vil betre kapasiteten i domstolane.

Regjeringa har òg etablert ei utgreiareining ved Borgarting lagmannsrett. Budsjettet til domstolane er altså ikkje kutta, men moderat styrka. Eg forstår at omstilling og utvikling er krevjande.

Domstolane våre står overfor utfordringar med både krav til effektivisering, eit endra kriminalitetsbilete og store krav til rettstryggleik. Regjeringa har god dialog med Domstolsadminstrasjonen, vil følgje opp viktige reformprosessar og sikre tilfredsstillande budsjett også framover.

Til toppen