Historisk arkiv

Regjeringa stør opp om dei aller minste daglegvarebutikkane i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Små daglegvarebutikkar er viktige samlingsplasser mange stader. At butikkane får moglegheit til å utikle seg bidrar til levande lokalsamfunn i heile landet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Frå 1.1.2017 vert det innført ei ny økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet.

Butikkar ­som har under 3 millionar kroner i årleg omsetnad kan få inntil 100 000 kroner per år i tilskot. Støtta skal bidra til å oppretthalde butikken, og gje forbrukarar og verksemder tenester dei treng. Ordninga gjeld butikkar med viktige servicefunksjonar i lokalsamfunnet.

– Mange av butikkane er meir enn berre ein plass å handle, og no gir vi støtte for at også dei minste butikkane skal kunne utvikle seg meir. Vi ønsker levande lokalsamfunn i heile landet. Gode samlingsplassar er viktig for å oppnå dette, seier statsråd Sanner.

Statistikk frå Institutt for bransjeanalyse syner at dei minste butikkane har store utfordringar knytt til lønsemd. Dette er butikkar som er svært viktige for lokalsamfunna dei ligg i. For å komme med i ordninga må butikkane oppfylle nærare definerte krav knytt til vareutval, omsetnad, geografisk plassering og avstand til neste butikk.

– Det er viktig for meg å understreke at støtta skal vere med å utvikle butikkane, og sikre vidare drift over tid. Eg er klar over at dei fleste butikkar av denne storleiken har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hjå butikkdrivarar og lokalbefolkninga. Eg er verkeleg imponert over den innsatsen mange gjer, for å bygge lokalsamfunna sine. Det er positivt at vi kan vere med og stø opp om lokalt engasjement gjennom denne nye ordninga, seier Sanner.

Butikkar som vil søke må også dokumentere at dei tilbyr eit minimum av servicefunksjonar/ tilleggstenester, i tillegg til daglegvarehandel. Aktuelle servicefunk­sjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service, med meir.

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdeparte­mentet sitt verkemiddel, for å stø opp om daglegvarebutikkar i distrikta.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.