Regjeringa støtter testing av ny radarteknologi på Edvard Grieg-plattforma

- DEMO 2000-prosjektet til ISPAS, Statoil og Lundin er eit konkret resultat av regjeringa si satsing på utvikling av ny teknologi. Det sa statsråd Tord Lien under besøket hjå radarteknologi-bedrifta ISPAS i Moss i dag.

- Regjeringa er oppteke av å styrkje teknologiutvikling i petroleumsnæringen. Derfor har vi i statsbudsjettet for 2016 innvilga ytterlegare 100 millionar kronar til DEMO 2000-programmet. Dette prosjektet viser at regjeringa si satsing gjev konkrete resultat, sier olje- og energiminister Tord Lien.

ISPAS utviklar ny radarteknologi som bl.a. kan oppdage oljesøl både i godt og dårlig vær. Gjennom prosjektsamarbeidet med Statoil og Lundin får småbedrifta testa radarsystemet ut på Edvard Grieg-plattforma i Nordsjøen.

Hausten 2014 gjekk Statoil og Lundin saman med ISPAS om å søkje DEMO 2000 midlar for å kvalifisere ISPAS sin nye radarteknologi. Prosjektperioden varar fram til 31.12.2016.

DEMO 2000

DEMO 2000 har som mål å utvikle og pilotere ny teknologi og utløyse prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomført. DEMO 2000 skal støtte ny teknologi som bidreg til reduserte kostnadar, auka effektivitet og betre ytingar på norsk sokkel.

Meir enn 250 prosjekt har til no fått tildelt nesten 750 millionar kroner gjennom programmet. Prosjekta har skapt verdiar for over 3 milliardar kronar.

Frist for å søkje om nye DEMO 2000-midlar er 17. februar.

Meir om DEMO 2000 kan du lese på Forskningsrådet sine sider.

Tor Lien med representantar for prosjektpartnarane Lundin, Statoil og ISPAS

Tord Lien med representantar frå prosjektpartnarane Lundin, Statoil og ISPAS (foto: msc/OED)