Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa styrker arbeidet for likestilling og mangfald med 37,5 millionar kroner

Regjeringa ønsker eit kulturliv med eit mangfald av aktørarar som gir ei breidde av opplevingar til flest mogleg og eit kulturliv som er representativt og tilgjengeleg for alle.

– Kunst og kultur gir viktige bidrag til eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Ved å byggje mangfaldige fellesskap der fleire kjenner seg heime, skaper vi trygge og tolerante samfunn, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

I statsbudsjettet foreslår Regjeringa å bruke 24,5 millionar på tiltak og prosjekt på kulturfeltet som vil bidra til mangfald. Satsinga går spesielt til institusjonar og aktørar som har søkt om middel til prosjekt og tiltak som skal stimulere til større kulturelt mangfald, integrering og likestilling i kultursektoren i 2020.

Regjeringa vil i tillegg auke løyvingane til Diskrimineringsnemnda og Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) med 3 millionar kvar. Nemnda er eit lavterskeltilbod for handsaming av saker etter diskrimineringslovgivinga, og eit reelt og kostnadsfritt alternativ til domstolane. Ombodet arbeider for å fremme reell likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting på alle samfunnsområde. Auken i løyvingane på totalt 6 millionar kroner skal styrke arbeidet. 

Regjeringa vil også løyve 7 millionar kroner til den nye handlingsplanen for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting. Handlingsplanen blir lansert i 2019 og skal gjelde frå 2020. Han bygger på strategien "Eit samfunn for alle – Regjeringas strategi for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting 2020 – 2030", som er underteikna av ni statsrådar. Løyvinga skal mellom anna brukast til å hente inn kunnskap og analysar av status, informasjon og kompetanseheving i tillegg til stimuleringsmidlar til tiltak og prosjekt på prioriterte område.

– Vi skal ha eit samfunn som har rom for alle, uavhengig av kulturell eller sosial bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, religion, seksuell orientering, etnisitet, nasjonalitet eller alder, understrekar kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Til toppen