Statsbudsjettet 2019:

Regjeringa styrkjer dei frie inntektene til kommunane med om lag 2,6 milliardar kroner

– Regjeringa sitt budsjettframlegg for kommunesektoren i 2019 set kommunane i stand til å fortsette å styrkje viktige velferdstenester. Det blir lagt særleg til rette for å styrkje tilbodet til rusavhengige, tidleg innsats i skulen og habiliterings- og rehabiliteringstenestene, seier kommunalminister Monica Mæland.

Kommunane har hatt mange år med sterk inntektsvekst og har oppnådd gode resultat. Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom til å gi betre tenester til innbyggjarane og fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

– Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi er viktig for at kommunane og fylkeskommunane skal kunne ivareta sine oppgåver. Samstundes må kommunane bruke handlingsrommet godt og prioritere til det beste for innbyggjarane, seier Mæland.

Regjeringa foreslår at heile veksten i dei frie inntektene i 2019 går til kommunane, og at fylkeskommunane sine frie inntekter i 2019 blir haldne reelt uendra samanlikna med 2018.

Veksten i dei frie inntektene i 2019 er grunngjeve med blant anna fylgjande satsingar:

  • 200 millionar kroner til eit betre tilbod til rusavhengige.
  • 200 millionar kroner til tidleg innsats i skulen.
  • 100 millionar koner til betre habiliterings- og rehabiliteringstenester.

Regjeringa tilrår også at 100 millioner kroner av fylkeskommunane sine frie inntekter blir gjeve med ei særskild fordeling til opprusting og fornying av fylkesvegnettet.

– Desse midlane er eit viktig bidrag til å ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og gi betre vilkår for distriktsnæringar i heile landet, seier Monica Mæland.

Grønt hefte - Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner

Fylkesvis oversikt

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen