Regjeringa tek sikte på å få Oslo universitetssjukehus inn i delar av nytt livsvitskapsbygg

Etter at livsvitskapsbygget støtte på utfordringar under bakken, måtte regjeringa tenkje nytt for å halde budsjettet. No tek regjeringa sikte på å få Oslo universitetssjukehus inn i delar av det planlagte bygget. Dette vil gi enda meir samarbeid om forsking på helse og berekraft.

– Dette kan bli ei veldig god løysing. Slik får vi meir livsvitskap for pengane og enda meir samarbeid på tvers av fag. Både universitetet og universitetssjukehuset er entusiastiske til denne løysinga. Eg trur dette er noko både studentane, forskarane og helsetenestene våre vil tene på, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

–  Det er ofte i møte mellom ulike fag at ny kunnskap og innovasjon oppstår. No legg vi opp til eit tett samarbeid med Oslo universitetssjukehus. Samlokaliseringa vil styrke bygget som eit topp moderne anlegg for utstrekt tverrfagleg samarbeid, kjernefasilitetar og utvikling av forskingsmiljø på tvers av fagområde og disiplinar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Våren 2019 sette statsministeren spaden i jorda og markerte oppstarten for byggjeprosjektet på Gaustad i Oslo. Livsvitskapsbygget skal huse ulike fagmiljø som saman skal utvikle nye løysingar på store utfordringar innan helse og berekraft. Her vil dei få tilgang til det beste og mest moderne utstyret som krevst for å drive forsking og innovasjon i verdsklasse.

Tidlegare i år varsla regjeringa  at byggjeprosjektet hadde støtt på nokre utfordringar, mellom anna på grunn av svært krevjande grunnforhold. Dette innebar at prosjektet ikkje kunne blir realisert innanfor den gjeldande kostnadsramma på 6,1 milliardar kroner (2020-kroner).

Samlokalisering gir fagleg og økonomisk gevinst

Etter å ha greidd ut fleira alternativ i haust, har regjeringa bestemt at ein skal ta sikte på at livsvitskapsmiljøa ved Universitetet i Oslo skal dele bygget med Oslo universitetssjukehus, og at Oslo universitetssjukehus/Helse Sør-Øst skal ta del i finansieringa av bygget. Planen er å leggje Klinikk for laboratoriemedisin til livsvitskapsbygget, og til eit tilbygg. Det vil gi høve til  utstrakt samarbeid mellom forskingsmiljøa ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus.

Vegen vidare

Dei nye planane for prosjektet må forankrast i styret ved Helse Sør-Øst. Statsbygg vil fortsette som byggherre for det redefinerte prosjektet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og i samråd med Helse Sør-Øst. Prosjektet skal arbeide vidare med å greie ut og få kvalitetssikra forslaget. Samstundes vil Statsbygg i arbeidet med fundamentering av bygget no bli bede om å leggje til rette for at løysinga med eit tilbygg blir mogleg å gjennomføre.

Regjeringa skal framover også se nærmare på finansieringsmodell og modell for kostnadsdeling. Løysinga inneber at Oslo universitetssjukehus/ Helse Sør-Øst sjølv  finansierer sin del av bygget og at dei to brukarane må dekkje kostnader utover kostnadsramma.