Regjeringa til kamp mot tvang og negativ sosial kontroll

Regjeringa føreslår å styrke ordninga med minoritetsrådgivarar og innsatsen mot tvang og negativ sosial kontroll med 17,5 millionar kroner. – For mange unge jenter og gutar blir nekta fridomen vi andre tek for gitt. Dei opplever press og tvang for å tilpasse seg krav frå familien og miljøet. Derfor styrker vi blant anna ordninga med minoritetsrådgivarar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Minoritetsrådgivarar har sidan 2008 gitt råd og rettleiing til utsette elevar ved eit utval skular med høg del elevar med minoritetsbakgrunn. Dei har spesiell kompetanse om negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og vald relatert til ære, og er eit lett tilgjengeleg lågterskeltilbod for ungdom.

– Vi treng fleire som gir råd og rettleiing til utsette elevar. Derfor foreslår regjeringa å styrke ordninga med 13 nye minoritetsrådgivarar, seier Sanner.

Regjeringa føreslår å løyve 10 millionar kroner direkte til frivillige organisasjonar som jobbar for å hindre tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i dei unge sin fridom. I tillegg føreslår regjeringa å opprette ein informasjonsportal om negativ sosial kontroll.

Styrke frivillige organisasjonar

Regjeringa føreslår også å styrke tilskotsordninga til informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar med 4 millionar kroner.

– I Jeløya-erklæringa framhevar vi at regjeringa skal samarbeide med frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar for å få fleire innvandrarar i jobb, og i tillegg fremje kvardagsintegrering. Det følgjer vi opp med satsingane i revidert nasjonalbudsjett, seier Sanner.

Midlane skal styrke arbeidet til dei frivillige organisasjonane med informasjon og rettleiing til nykomne innvandrarar i lokalsamfunnet.

– Nykomne innvandrarar treng kunnskap og informasjon om det norske samfunnet. Ordninga rettar seg mot arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje er omfatta av introduksjonsordninga, slik at også desse personane skal få god informasjon og rettleiing, seier Sanner.

Til toppen