Regjeringa vil at overvatn skal vere ein ressurs, ikkje eit problem

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Samfunnet blir kvart år utsett for store skadar på grunn av overvatn. Våtare og villare vêr, sentralisering og fortetting gjer at byar og tettstadar i framtida kan få enda større problem med overvatn enn i dag. Regjeringa foreslår derfor endringar i plan- og bygningsloven, som gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn.

Overvatn er vatn frå nedbør eller snøsmelting som renner på overflata i staden for å sige ned i bakken. Skadar på grunn av overvatn kostar samfunnet mellom 3,3 og 5,8 milliardar kroner kvart einaste år, og i 2020 blei over 30 000 personar ramma av overvasskader.

Klimautfordringane og behovet for meir utbygging vil gi ei auke i overvasskadar framover. Det gjer at vi må tenke nytt og finne nye løysingar for handtering av overvatn.

-Særleg i utbygde område kan det vere dyrt å leggje større røyr for å transportere bort store mengder nedbør, slik vi gjer i dag. Vi må ta i bruk nye blågrøne løysingar for å vere best mogleg rusta mot eit våtare klima. Regjeringa foreslår derfor endringar i plan- og bygningsloven, som skal bidra til å opparbeide tiltak for betre handtering av overvatn, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Lovforslaga gir kommunane heimlar for å kunne krevje at private gjennomfører tiltak for overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde.

-Alle må ta ansvar for at overvatn kan nyttast som ressurs, slik at overvatn ikkje berre er eller blir eit problem. Vi legg opp til at kommunane kan påleggje dei som byggjer nye bygg eller som eig utbygd eigedom å handtere nedbøren som renn av eigedomen. Målet med forslaga er betre førebygging mot skadar på byggverk, sikre helse og miljø og å utnytte overvatn som ressurs, seier Gjelsvik.

For nye byggetiltak foreslår regjeringa at kommunane kan krevje at dei som bygger nytt også må bygge offentlege blågrøne overvassløysingar, i staden for å leggje overvassrøyr, noko kommunane kan krevje i dag. Slike blågrøne overvassløysningar kan til dømes vere opne bekkar, dammar og grøntområde. Andre blågrøne løysingar kan vere grøne tak, regnbed og parkeringsanlegg med permeable (porøse) flater og liknande.

-Førebygging er langt mindre kostbart enn å reparere skadane frå overvatn i ettertid. I tillegg til å førebygge skadar, kan slike område få eit godt estetisk løft og kan til dømes nyttast til ulike rekreasjonsformål, seier Gjelsvik.

Regjeringa foreslår også at kommunane kan krevje at private gjennomfører tiltak for betre handtering av overvatn på eigedomar som er utbygde. Det kan vere tyngande for huseigarar å gjennomføre tiltak mot overvatn på tomta når eigedomen er i bruk. Derfor foreslår regjeringa at tiltak berre kan krevjast for utbygde eigedomar når det eksisterer eit problem med avrenning frå tomta. Dessutan skal ikkje kostnadane vere for høge for den som får pålegget.

Forslaga gir òg heimel til å fastsette i forskrift eit nasjonalt nivå for sikkerheit mot overvatn, og presiserer plikta til tiltakshavar om å infiltrere og forsinke overvatn, i tillegg til å sikre forsvarleg avleiing. 

- Forslaga skal bidra til å redusere kostnadane frå overvatn, noko som vil kunne spare blant anna bustadeigarar, kommunar og næringsliv for betydelege beløp, seier Gjelsvik.

For presse:

Kommunal- og distriktsdepartementet: ke@kdd.dep.no eller til departementets pressetelefon: 22 24 25 00