Regjeringa vil forankre ein nasjonal strategi for livskvalitet i folkehelsemeldinga

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi ønskjer eit samfunn der flest mogleg opplever god livskvalitet. Ein strategi for livskvalitet gir oss grunnlaget for treffsikre tiltak som samsvarer med behovet til innbyggjarane, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

I arbeidet med nasjonal strategi for livskvalitet, er hensikta å sjå på korleis livskvalitet kan vere eit mål på samfunnsutviklinga og målast på ein måte som speglar opplevinga til innbyggjarane av kva som er godt liv.

I tråd med vektlegging

– Vi skal utvikle politiske tiltak i tråd med det innbyggjarane vektlegg for livskvaliteten sin. Det må jobbast endå meir systematisk med kunnskap om livskvalitet, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Rammer og føringar for arbeidet med strategien vil vere ein del av folkehelsemeldinga, ei melding som blir lagd fram til våren. Regjeringas livskvalitetsstrategi vil derfor lanserast etter at folkehelsemeldinga er behandla i Stortinget.

– Ved gode mål på livskvalitet, slik denne strategien skal utvikle, kan vi òg sjå korleis livskvalitet utviklar seg over tid. Vi får dessutan kunnskap om korleis ulike delar av befolkninga opplever eigen livskvalitet. Det er viktig i arbeidet vårt for å redusere sosiale forskjellar og jamne ut geografiske skilnader. Å bu i eit samfunn med små, sosiale skilnader, aukar livskvaliteten for alle, seier helse- og omsorgsminister Kjerkol.

Eit breitt mål

Det er mange forhold som påverkar tilfredsheita med livet og kva som er «det gode livet».

– God livskvalitet handlar om å oppleve å ha det godt, og å fungere godt. Slik vil vi at flest mogleg skal ha det. Då er det òg førebygging ein nøkkel, slik som med «ABC for god psykisk helse», seier helse- og omsorgsminister Kjerkol.

I mål på livskvalitet blir faktorar inkluderte som helse, sosiale relasjonar, arbeidsmiljø eller studentmiljø, buforhold og oppleving av samfunnsforhold.

– Å tilhøyre eit fellesskap gir òg lykke og auka livskvalitet. Vi veit at alvorleg einsemd er knytt til stort tap av livskvalitet. Auka kunnskap om ulike livsforholds betydning for livskvalitet, gir oss betre kunnskap om kva grep som kan ha størst effekt, seier Kjerkol.

Eit mål på samfunnsutviklinga

Stadig fleire land bruker livskvaliteten til befolkninga som supplerande mål på samfunnsutviklinga. New Zealand lanserte som første land i verda i 2019 eit "wellbeing budget", eit statsbudsjett med mål å auke livskvaliteten til befolkninga. Skottland, Island, Finland og Wales følgjer New Zealands fotspor i omlegginga til ein "wellbeing economy". I Norden har særleg Island komme langt i arbeidet.

– Å måle innbyggjarars livskvalitet gir verdifull kunnskap om utviklinga i samfunnet. Det kan brukast til politikkutforming på fleire område enn helse, seier Kjerkol.

Departementet leier arbeidsgruppe

Helse- og omsorgsdepartementet leiar gruppa som arbeider med den nye nasjonale strategien for livskvalitet.

Gruppa har medlemmer frå mellom anna Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå. Ei tverrdepartemental folkehelsegruppe fungerer som ei referansegruppe.

Noreg samarbeider òg med dei andre nordiske landa om å bruke livskvalitet som mål på samfunnsutviklinga. Noregs ambisjonar og innsats på området samla i ein nasjonal strategi, blir eit viktig bidrag i å utvikle ein nordisk modell for livskvalitet.