Historisk arkiv

Regjeringa vil gi folk rett til å lade elbilen heime

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg i dag fram eit lovforslag som gir andelseigarar i burettslag rett til å lade bilen der dei bur. – For å nå målet om at alle nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppskøyretøy i 2025, må fleire velje ein ladbar bil. Dessverre får vi tilbakemeldingar om at mange som bur i burettslag møter motstand når dei vil etablere eit ladepunkt. Derfor vil vi nå innføre ein rett til å lade bilen heime, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Til høyre: Statsråd Nikolai Astrup, styreleiar Chistina Bu. Lengst til venstre: styreleiar Geir Røvde Johansen i Mogaten borettslag.
Statsråd Nikolai Astrup besøkte denne veka Mogaten borettslag for å høyre meir om korleis dei har tilrettelagt for ladepunkt. Styreleiar Chistina Bu i Norsk elbilforening(t.v for Astrup) . Lengst til venstre: styreleiar Geir Røvde Johansen i borettslaget. Foto: KMD

I dag kan styret eller eit fleirtal på generalforsamlinga nekte ein andelseigar å setje opp eit ladepunkt på sin parkeringsplass, også når andelseigaren fullt ut betalar dette sjølv.

– Å velje ein ladbar bil skal vere eit reelt alternativ for alle. Regjeringa foreslår derfor ein regel som gir den enkelte bebuaren ein rett til setje opp ladepunkt. Det gjelder også i dei tilfella fleirtalet i burettslaget er imot eit slikt forslag, seier Astrup.

– Eg er likevel opptatt av å ivareta saklege innvendingar frå andre bebuarar. Vi gir derfor styret høve til å avslå eit krav om å setje opp eit ladepunkt dersom det ligg føre «sakleg grunn», seier Astrup.

Dersom det allereie er etablert, eller vedteke å etablere, eit fullgodt ladetilbod i burettslaget, vil det kunne vere ein slik sakleg grunn. I nokre tilfelle vil det vere naudsynt å oppgradere straumnettet for å kunne etablere ladepunkt. Slike kostnadar til fellestiltak må normalt dekkast av fellesskapet etter vanlege reglar om kostnadsdeling i burettslagslova, medan kostnadene til innkjøp og montering av ladepunktet på eigen parkeringsplass sjølvsagt må dekkast av den enkelte. Dersom for eksempel kostnadene med å oppgradere straumnettet blir uforholdsmessig høge, vil det også kunne gi styret sakleg grunn til å nekte den enkelte å setje opp ladepunkt.

Regjeringa foreslår samtidig å presisere den gjeldande regelen i eigarseksjonslova, med sikte på mest mogleg lik regulering i dei to lovene.

Ny regel om samanslåing av sameige

Regjeringa foreslår å senke kravet for å kunne slå saman to eller fleire eigarseksjonssameige, frå full semje til to tredels fleirtal på årsmøtet. Forslaget byggjer på eit premiss om at større sameige kan oppnå fleire stordriftsfordelar, for eksempel lavare kostnader til drift og vedlikehald.

 

Les heile proposisjonen her