Regjeringa vil leggje fram ein idrettsstrategi i august 2021

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein idrettsstrategi i august 2021. Strategien skal handle om sentrale verditema knytt til mangfaldig og inkluderande deltaking i idrett. Strategien vil òg inkludere nokre kortsiktige prioriteringar som skal bidra til å få opp igjen idrettsaktiviteten etter koronapandemien.

– Med idrettsstrategien vil regjeringa fremje mangfald og inkludering i idretten. Strategien skal mellom anna drøfte sosiale skilnader i deltaking, deltaking for personar med funksjonsnedsetting, kjønnsbalanse og likestilling, rasisme og seksuell trakassering, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

– Når samfunnet gradvis vert gjenopna etter koronapandemien, vil tusenvis av frivillige over heile landet arbeide for å få i gang normal idrettsaktivitet igjen. Strategien skal innehalde nokre prioriteringar som på kort sikt skal hjelpe dei å få opp igjen aktiviteten, seier kultur- og likestillingsministeren.  

Regjeringa hadde i utgangspunktet planlagt å leggje fram ei melding for Stortinget om idrettspolitikken våren 2021. Koronapandemien har endra planane.

– Vi har framleis ikkje godt nok oversyn over kva effektar koronapandemien vil ha for idretten, og kva dei største utfordringane vil vere på litt lengre sikt. Vi har difor eit for svakt kunnskapsgrunnlag for å trekkje opp dei lange linjene og gjere langsiktige prioriteringar i idrettspolitikken i ei stortingsmelding akkurat no, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Idrettsstrategien vil ikkje erstatte ei idrettsmelding. Kulturdepartementet vil prioritere å hente inn forskingsbasert kunnskap om konsekvensane av koronapandemien for idretten. Oppdatert kunnskap om dei utfordringane sektoren står overfor, vil danne grunnlaget for ei idrettsmelding som presenterer ein langsiktig og heilskapleg plan for realisering av måla i idrettspolitikken.