Historisk arkiv

Regjeringa vil skjerpe krava for å få meir trafikksikre og trygge vintervegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Farlege vogntog skal bort frå norske vegar. Difor bad eg i januar Vegdirektoratet vurdere strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy, samt auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting. Målet er å gjennomføre endringane så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Vegdirektoratet har i dag sendt på høyring forslag om skjerpa krav til vinterdekk for tunge køyretøy og forslag om auka gebyrsats for brot på krava til lovleg dekk- og kjettingutrusting. Høyringsfristen er 27. august 2019.

– Dette er viktige tiltak i arbeidet for auka sikkerhet og framkome på norske vintervegar. Det skal vere trygt å ferdast på norske vintervegar, seier Dale.

Fleire krav til vinterdekk er allereie innført

Regjeringa innførte i 2013 eit påbod om vinterdekk for tungbil over 3500 kg med unntak av løfteakslar. I 2014 blei påbodet utvida, med påbod om vinterdekk på alle akslar. Det blei samstundes meldt eit ønske om å sjå ytterlegare på krava til vinterdekk på et seinare tidspunkt, i lys av den tekniske utviklinga og tilgjengelegheita av ulike typar dekk.

Tyske myndigheiter har nyleg skjerpa krava til vinterdekk for tunge køyretøy, slik at det berre er dekk merka med det såkalla "alpesymbolet", som er godkjent på drivande og styrande akslar. I Tyskland er det gitt ein overgangsperiode frem til 30. september 2024 for bruk av dekk merka M+S, produsert før 31. desember 2017.

– Vi ønsker ein skjerping etter same mønster som i Tyskland, men av omsyn til trafikktryggleiken vil regjeringa å gå eit steg lenger. Vi foreslår difor å innføre dei skjerpa krava utan overgangsperiode. Vi ønsker òg innspel på om dei skjerpa krava bør gjelde alle akslar på køyretøyet, inkludert hjul på tilhengar. Endeleg avgjerd vil tas på bakgrunn av innspel i høyringsrunda, seier Dale.

Høyringsforslaget tek også opp om minimum tillat mønsterdybde på dekka skal aukes frå gjeldande 5 mm til 7 mm.

Auka gebyrsats for brot på krava til vinterutrusting

– Vi ønsker òg å auke og differensiere gebyra for brot på krava til dekk- og kjettingutrusting. Formålet er å sikre at gebyrsatsane har ein reell preventiv effekt, som vil gjere det mindre aktuelt å spekulere i mangelfull vinterutrusting. Dette vil bidra til auka trafikktryggleik og framkome på vegen, seier Dale.

For manglar ved dekk blir det i høyringsforslaget foreslått ulike satsar for køyretøy med tillat totalvekt over og under 7 500 kg. Ved å differensiere ved kjøretøy med en tillat totalvekt på over 7 500 kg, vil gebyret i større grad rette seg mot tyngre køyretøy, som har dei største utfordringane på vinterføret.

For manglar knytt til å ha med kjetting blir det foreslått på same måte ulike satsar for køyretøy med en tillat totalvekt over og under 7 500 kg. Det blir òg foreslått ein ytterlegare sats for vogntog med tillat totalvekt over 7 500 kg, som trekkjer tilhengjar med tillat totalvekt over 3 500 kg. Sistnemnde sats må sjåast i samanheng med at bruk av kjetting er særskild viktig for vogntog på vinterføre. Det er òg krav til å ha med fleire kjettingar for denne køyretøygruppa.  

– Køyring med manglande vinterdekk og kjetting aukar risikoen for ulukker. Av omsyn til både trafikktryggleik og framkome er det svært viktig at reglane er strenge nok. Reaksjonane ved brot må gje faktisk åtferdsendring hos dei som ikkje følgjer krava, seier samferdselsministeren.

Sjå høyringa på vegvesen.no