Regjeringa vil styrke kunsten og kunstnarens kår

– Sjølv om kunstnarane fyller liva våre med innhald, slit mange med å få betalt for arbeidet. Slik skal det ikkje vere. Vi treng eit mangfald av kunstuttrykk, og vi treng levande kunstnarmiljø over heile landet. Då må vi sørge for at kunstnarane våre har gode arbeidsvilkår og at dei får rimeleg betaling for jobben dei gjer. Med stortingsmeldinga «Kunstnarkår» sikrar vi ein aktiv og offensiv kunstnarpolitikk inn i framtida, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren lanserer kunstnermeldingen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Arrangementet ble avholdt ved Kunstnernes hus i Oslo, kor det pågår ei separatutstilling av Gunvor Nervold Antonsen
Opphavsrett til kunstverka © Gunvor Nervold Antonsen / BONO

Kunstnarpolitikken bygger på ein solid infrastruktur av kunst- og kulturinstitusjonar i heile landet, kunstnarstipend og offentlege tiltak og tilskot til produksjon og formidling av kunst og kultur. Regjeringa vil halde fram med ei sterk statleg finansiering av kunstfelta.

– Like viktig som sterk statleg finansiering, er å framleis sikre den kunstnarlege fridomen og ytringsfridomen, og ei ryddig forvaltning på armlengds avstand frå styresmaktene. Kunsten skal vere fri, òg til å kritisere makta. Det er grunnleggande viktig, ikkje minst i tida vi lever i no, og noko som regjeringa også løftar fram i internasjonal samanheng, seier Trettebergstuen.

Kunst i heile landet

Det skal vere levande kunstmiljø i heile landet. Utgangspunktet for regjeringa er at kunstnarar i endå større grad enn i dag skal kunne jobbe og skape i ei rekke lokalsamfunn frå nord til sør.

– Regjeringas ambisjon er å, saman med kommunesektoren, leggja til rette for nye etableringar, fleire oppdrag og tydelegare kunstnarpolitikk på alle forvaltningsnivå. Med framlegg til ny revidert kulturlov støttar regjeringa opp under den ambisjonen og skal jobbe systematisk med regionane framover for å få det til, seier Trettebergstuen.

Kunstnarar er arbeidsfolk som skal få rimeleg betalt

Mens hovudregelen i norsk arbeidsliv er faste tilsettingar, er dei aller fleste kunstnarane frilansare eller sjølvstendig næringsdrivande. Kunstnaranes tilknyting til arbeidslivet inneber at dei møter på nokre særskilte utfordringar, som gratisarbeid og underbetaling.

– Vi kan ikkje forvente at kunstnarar skal jobbe gratis. Dei har familier å forsørge, husleie- og strømregningar å betale på lik linje med alle andre arbeidsfolk.

– Når inntektene er låge er det berre dei mest privilegerte som vågar å satse på kunsten som ein yrkesveg. Då går me ikkje berre glipp av kunstnarlege talent, men risikerer òg at kunsten mister krafta si til å spegle mangfaldet i befolkninga. Derfor vil regjeringa iverksette fleire tiltak som skal løfte kunstens verdi og bidra til rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid, seier Trettebergstuen.

I meldinga foreslår regjeringa mellom anna å utarbeide ein strategi for rimeleg betaling til kunstnarar og forslag til overordna verdiprinsipp for rimeleg betaling før kunstnarleg arbeid, halde fram opptrappinga av ordningane under Statens kunstnarstipend, greie ut opptening av pensjon på langvarige stipend, reforhandle avtalen om utstillingsvederlag og be statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar rapportere om bruk og honorering av kunstnarar.

Meldinga går òg gjennom andre politikkområde som er relevante for kunstnaranes arbeids- og levekår, som arbeids- og velferdspolitikken, pensjon-, skatt- og næringspolitikk, og foreslår tiltak som vil bidra til å forenkle og forbetre vilkåra for kunstnarane.

Arbeids- og inkluderingsministeren har i dag beden om innspel til regjeringas arbeid knytt til sosiale ordningar for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande, herunder òg for kunstnarane.