Historisk arkiv

Regjeringa føresler sambuargaranti på sjukeheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa sender på høyring forslag om å forskriftsfeste sambuargaranti på sjukeheim.

- For mange varer kjærleiken livet ut. Sjukdom skal ikkje skille ektepar som har budd saman heile livet. Derfor føresler regjeringa at kommunane skal legge til rette for at personar som ynskjer det får bu saman, seier eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug.

Sambuargaranti vil vere viktig for dei eldre det gjeld, men det vil også vere positivt for helse- og omsorgstenesta. Den pårørande vil vere ein verdifull ressurs for sjukeheimen ved sin kjennskap til bebuaren sine behov og ynskjer.

- Det kan vere dramatisk å flytte frå heim til sjukeheim. På eitt døgn vert livet forandra. Samboergaranti skal bidra til å gjere denne overgangen enklare og skape større tryggleik for eldre og dei pårørande. Dette er å ta eldre sin situasjon på alvor, seier Listhaug.

I forslaget går det fram at kommunane skal tilrettelegge tenestetilbodet slik at ein tek omsyn til par som ynskjer å bu saman.

Les høyringsnotatet.