Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Regjeringen tek imot NOU frå Åpenhetsutvalget tysdag 30. april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa oppnemnde i oktober 2017 eit offentlig utval som skulle utgreie forholdet mellom ytringsfridom, pressefridom og personvern i samband med fotografering, filming, reportasjar og deling av slikt materiale frå helse- og omsorgstenesta, barnevernet, barnehagar og skular.

Leiaren av Åpenhetsutvalget, professor Benedikte Moltumyr Høgberg, vil presentere hovudkonklusjonane og overrekke rapporten til helseminister Bent Høie og statssekretær Jorunn Hallaråker i Barne- og likestillingsdepartementet.

Stad: Auditoriet i R5, Akersgaten 59
Tidspunkt: 30. april kl. 10.00-11.00

Journalistar og fotografar som ynskjer å dekke overrekkinga, må registrere seg som besøkande i resepsjonen før arrangementet startar. Hugs å ta med legitimasjon. (Pressekort er ikkje godkjent legitimasjon.)

Statsråden, statssekretæren og utvalsleiar er tilgjengeleg for kommentarar.

Her kan du følge pressekonferansen via nett-TV