Historisk arkiv

Priv. til red.:

Regjeringsskiftet 16. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Etter at Jens Stoltenbergs andre regjering søkte avskjed i statsråd måndag 14. oktober, vil søknaden bli innvilga i ekstraordinært statsråd onsdag 16. oktober kl. 10.00, med verknad frå kl. 12.00 same dag. Samtidig vil Erna Solbergs regjering bli utnemnd, også det med verknad frå kl. 12.00 same dag. Pressemelding om ny regjering blir sendt ut onsdag om lag kl. 10.15.

Etter at Jens Stoltenbergs andre regjering søkte avskjed i statsråd måndag 14. oktober, vil søknaden bli innvilga i ekstraordinært statsråd onsdag 16. oktober kl. 10.00, med verknad frå kl. 12.00 same dag. Samtidig vil Erna Solbergs regjering bli utnemnd, også det med verknad frå kl. 12.00 same dag. Pressemelding om ny regjering blir sendt ut onsdag om lag kl. 10.15.

Etter statsrådsmøtet kl. 10.00, som er Stoltenberg-regjeringas siste, vil den avtroppande regjeringa vera tilgjengeleg på Slottsplassen frå om lag kl. 10.15.

På grunn av arbeid på Slottsplassen, må presse akkrediterast. Me ber presse som ønskjer å jobba på Slottsplassen om å melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 15. oktober klokka 14.00.

I ekstraordinært statsråd på Slottet onsdag 16. oktober kl. 12.00, der Erna Solbergs regjering møter for første gong, vil ansvarsområdet til dei nye statsrådane bli vedteke. Pressemelding om dette blir sendt ut etter statsrådet.

Etter statsrådsmøtet kl. 12.00 vil den nye regjeringa først vera tilgjengeleg for fotografering på Slottsplassen. Deretter er regjeringa tilgjengeleg for pressefolk og publikum i Dronningparken.

På grunn av arbeid på Slottsplassen, må presse akkrediterast. Me ber all presse som ønskjer å jobba på Slottsplassen om å melda frå til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 15. oktober klokka 14.00.


Nøkkelskifte
Det vil bli nøkkelskifte i departementa utover ettermiddagen onsdag. Først ut er nøkkelskiftet på Statsministerens kontor, om lag kl. 13.15. Nøkkelskiftet vert overført på nett-tv.

Av omsyn til plassen vil pressedekning av nøkkelskiftet på Statsministerens kontor vera for ein pool med følgjande redaksjonar: NRK Dagsrevyen (2), NRK Dagsnytt (1), TV 2 (2), NTBScanpix (3), ANB (1), Aftenposten (1), VG (1), Dagbladet (1). Frammøte i Glacisgata 1 seinast kl. 12.00.

Statsminister Erna Solberg held pressekonferanse onsdag 16. oktober kl. 15.30, på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Frammøte seinast kl. 15.00. Me ber alle om å ta med pressekort og identifikasjon. Pressekonferansen vert overført på nett-tv.

Det er lagt til rette for tapping av lyd og bilete frå nøkkelskiftet og pressekonferansen på Statsministerens kontor. Kontakt Glenn Eriksen, mobil 952 79 022, eller Christian Dalsgaard Rørvik, mobil 950 70 998, i Departementenes servicesenter for detaljar.

Statsministerens kontor publiserer bilete til fri bruk på Flickr fortløpande heile dagen.

Til toppen