Regulering av fisket etter kolmule i 2020

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

I kyststatsforhandlingane om kolmule blei det 23. oktober inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 1 161 615 tonn. Dette er i tråd med Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) si tilråding og gjeldande forvaltningsavtale Totalkvoten inkluderer ei avsetjing til Den nordøst-atlantiske fiskerikommisjon (NEAFC) for andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn på 92 452 tonn.

Etter tradisjonell fordeling blir Noreg si kvote 280 602 tonn (då er ulike bytteavtaler ikkje rekna inn enno). Av dette er det sett av 1 095 tonn til forskings- og undervisningsføremål.

Reguleringa av kolmule har fungert godt dei seinare åra, og reguleringa i for 2020 er ei vidareføring av reguleringa for 2019.