Historisk arkiv

Regulering av grunnbeløpet og pensjonane frå 1. mai 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Grunnbeløpet i folketrygda aukar frå 96 883 til 99 858 kroner frå 1. mai 2019. Dette er ein auke på 2 975 kroner, som svarar til 3,07 prosent. Gjennomsnittleg grunnbeløp får ein auke på 3,20 prosent. Alderspensjon under utbetaling får ein årleg auke på 2,4 prosent.

Regjeringa og organisasjonane har drøfta talgrunnlaget for årets regulering av folketrygdas grunnbeløp og pensjonar frå 1. mai 2019. 

Anniken Hauglie blir intervjuet. NRK-mikrofon i forgrunnen.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie kommenterer trygdeoppgjøret 2019. Foto: ASD

– Eg er glad for at det ligg an til at alderspensjonistane får ein god auke i pensjonane. Slik det ligg an til, blir årlig auke i pensjonane høgare enn prisveksten. Minstepensjonistane, dei med pensjon over minstepensjon og dei uføre får reallønns­auke, ut frå det førebelse anslaget i revidert budsjett for prisauken i år, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Årets trygdeoppgjør er elles gjennomført etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, LO, YS, Unio og Akademikerne. 

Kven får kva?

Alderspensjon under opptening, uføretrygda og andre ytingar som får sine ytingar regulert gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 3,07 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,20 prosent.

Alderspensjonar under utbetaling  får ein auke i pensjonen på 2,30 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 2,4 prosent.  

Regulering av satsane for minste pensjonsnivå

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 2,38 prosent. Etter auken utgjer satsane følgande: 

  • Låg sats (ektefellen/sambuaren har pensjon) aukar frå 153 514 til 157 171 kroner.
  • Ordinær sats (ektefellen/sambuaren har uføretrygd eller inntekt over 2 G) aukar frå 177 675 til 181 908 kroner.
  • Høg sats (pensjonist med ektefelle/sambuar som har inntekt under 2 G) aukar frå 186 968 til 191 422 kroner.
  • Særskilt sats (einsleg) aukar frå 194 192 til 198 818 kroner.
  • Særskilt sats (ektepar, forsørgjer ektefelle/sambuar over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 291 022 til 297 955 kroner.

Minste årlege yting for uføretrygda blir etter reguleringa 

  • Ordinær sats: 227 676 kroner (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 265 622 kroner (2,66 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Høg sats: 247 648 kroner (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 290 587 kroner (2,91 G, einsleg uføretrygda)

Regelverket

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Alderspensjonar under utbetaling skal først regulerast med den same lønnsauken, og deretter vert det fråtrekt 0,75 prosent.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar vert regulerte med den same lønsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret.

Nytt grunnbeløp og reguleringssatsar vert formelt fastsett av ved kongeleg resolusjon 24. mai 2019.