Fiskerireguleringar 2014

Oversikt over fiskerireguleringar for 2014. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette. Sist oppdatert 21. desember 2013.

Oversikt over fiskerireguleringar for 2014. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette. Sist oppdatert 21. desember 2013.

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i 2014

20. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet vedtok 20. desember 2013 forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i 2014. Norsk totalkvote er sett til 458 735 tonn torsk, 88 115 tonn hyse og  102 513 tonn sei.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2014

Vedlegg - Fjordlinjer 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter uer i 2014 i dei områda av Norskehavet som ligg utanfor nokon stat sin fiskerijurisdiksjon

18. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter uer i 2014 i dei områda av Norskehavet som ligg utanfor nokon stat sin fiskerijurisdiksjon. Det vil på nyåret bli gitt forskrift om regulering av fisket etter uer innanfor norsk økonomisk sone.

Forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES statistikkområder I og II utenfor noen stats fiskerijurisdiksjon i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter norsk vårgytende sild i 2014

18. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at kyststatsforhandlingane enno ikkje er fullførte. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 255 277 tonn, og kan berre takast i norske farvatn og internasjonalt farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter makrell i 2014

18. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at kyststatsforhandlingane og dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er fullførte. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 150 000 tonn, og kan berre takast i norske farvatn og internasjonalt farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter lodde i Barentshavet i 2014

18. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2014. Totalkvote for norske fartøy er sett til 38 980 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter kolmule i 2014

17. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at kyststatsforhandlingane og dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er fullførte. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 190 000 tonn, og kan berre takast i norske farvatn og internasjonalt farvatn.

Forskrift om regulering av fiske etter kolmule i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter blåkveite i 2014

16. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter blåkveite i 2014. Totalkvote for norske fartøy er sett til 9675 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter blåkveite i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter vassild i 2014

13. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter vassild i 2014. Fisket etter vassild åpnar 17. februar 2014 og totalkvote for norske fartøy er sett til 12000 tonn.

Forskrift om regulering av fisket etter vassild i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå, håbrann og silkehai

13. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå, håbrann og silkehai. Det vert innført eit forbod mot å skjere finnen av brugde og håbrann før  fangsten er landa. I tillegg er fangstforbodet gjort permanent. Det er ikkje gjort endringar i reguleringane om bifangst av pigghå.

Forskrift om forbud mot fiske og fangst av brugde, pigghå, håbrann og silkehai

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

12. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 2330 tonn i Nordsjøen og 44 tonn i Skagerrak, og kan berre takast i norske farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter tobis i 2014

11. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2014. Det er fastsett eit foreløpig forbod mot fiske, i påvente av at Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet, i samråd med næringa, skal utarbeide forslag til regulering. Forslaget skal vere klart 1. februar og departementet tek sikte på å vedta ei endeleg regulering for fisket etter tobis i 2014 kort tid etter dette.

Forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2014

 ------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

11. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 137 589 tonn, og kan berre takast i norske farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

11. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 3 124 tonn, og kan berre takast i norske farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter hestmakrell i 2014

11. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er satt til 47 520 tonn, og kan berre takast i norske farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter hestmakrell i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter øyepål i 2014

11. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er sett til 108 000 tonn, og kan berre takast i norske farvatn. Departementet vil i løpet av 2014 ta stilling til spørsmålet om dispensasjon frå påbud om bruk av rist.

Forskrift om regulering av fisket etter øyepål i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

10. desember 2013: Fiskeri- og kystdepartementet har i dag vedteke forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2014. Departementet presiserer at forskrifta er førebels og kan bli endra som følgje av at dei bilaterale forhandlingane med EU enno ikkje er gjennomførde. Førebels totalkvote for norske fartøy er satt til 39 439 tonn, og kan berre takast i norske farvatn.

Forskrift om regulering av fisket etter sei i Nordsjøen og Skagerrak i 2014

------------------------------------------------------------------------------------------------