Historisk arkiv

Rekordår for reiselivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Reiselivsnæringa går mot nye rekordar i 2016.

- 2016 ligg an til å bli eit nytt rekordår for reiselivsnæringa. Noreg er eit ettertrakta reisemål. Vi har eit fantastisk land som mange kjem for å oppleve, seier næringsminister Monica Mæland.

Tal frå SSB visar at 2016 har vore eit svært godt år for reiselivet. I oktober var det 1,7 millionar overnattingar ved norske hotell. Samanlikna med oktober 2015 gjekk talet på utanlandske hotellovernattingar opp med 4 prosent, medan norske hotellovernattingar auka med 1 prosent.

Så langt i år er veksten fem prosent, målt i overnattingar.

- Reiselivsnæringa er ei viktig næring, som skapar mange arbeidsplassar. Difor er det godt nytt at 2016 blir nok eit godt år for reiselivet, seier Mæland.

Regjeringa jobbar med ei melding til Stortinget om reiseliv. Meldinga skal leggjast fram for Stortinget på nyåret.