Rekordmange studentar ved fagskulane

Fagskulane rundt om i landet har opplevd ein kraftig auke av studentar. Denne hausten er det over 4 000 fleire studentar på fagskulane enn på same tid i fjor. Totalt er det godt over 20 000 som no tar ei fagskuleutdanning.  - Regjeringa har prioritert fagskulane, både med pengar til fleire plassar og kvalitet, men også ein heilt ny fagskulelov. At fagskulane no har fleire tusen nye studentar, viser at denne satsinga var riktig, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Dei siste åra har regjeringa tildelt  pengar til 2 238 nye studieplassar til fagskular over heile landet. Nye tal frå Database for statistikk i høgare utdanning – fagskulestatistikk (DBH-F) viser at det i haust går 22 650 studentar på ein fagskule, ein auke på over 4 000 frå i fjor. Auken er særleg stor innanfor økonomisk-administrative fag, tekniske fag og helsefag.

- Ikkje alle ønskjer ei lang akademisk utdanning. Fagskuleutdanningane er også lagt godt til rette for dei som er i jobb, har boliglån og familie, men som treng fagleg påfyll. Vi veit også at arbeidslivet har eit stort behov for fleire fagutdanna i åra framover, seier Asheim.

Trass i  vekst er det framleis tomme plassar

Då opptakstala blei offentlege i slutten av mai, var det 2 800 ledige fagskuleplassar. Nye tal frå Samordna Opptak viser også at delen fagskolestudenter som faktisk møtte opp til dei utlyste plassane er 59 prosent. Rundt halvparten av fagskulane som er med i Samordna Opptak, så denne delen representerer ikkje alle fagskuletilboda. I tillegg fanger ikkje desse tala opp bransjeprogramma og mange av dei nye studieplassane som kom i revidert nasjonalbudsjett.  

- Det er bra at vi slår rekordar i talet på studentar ved fagskulane, men vi har framleis ein jobb å gjere for at fleire får auga opp for fagskuletilbodet vi har i Noreg. Målet i framtida må vere at vi får fylt opp alle plassane våreog at vi har nok søkjarar til å kunne opprette enda fleire studieplassar, seier Asheim. 

Stort behov for arbeidstakarar med fagutdanning

Dei neste tjue åra kjem etterspurnaden etter arbeidstakarar med fagbrev og fagskuleutdanning retta mot industri, bygg og anlegg, handverk og helsefag til å auke. På desse områda er behovet venta å auke meir enn arbeidsstyrken. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I budsjettet for neste år er det sett av pengar til å vidareføre og trappe opp midla til 1 600 studieplassar, i tillegg til omlag 500 nye studieplassar ved Industrifagskulen. Totalt har denne regjeringa gitt midlar til 2 238 studieplassar neste år.

- Det er viktig at ein auke i talet på plassar ikkje går ut over kvaliteten på tilbodet. Ambisjonen er fagskular med sterke fagmiljø som gir utdanning som er relevant for arbeidslivet. Til våren skal regjeringa legge fram ein eigen strategi for fagskulane der både kapasitet og kvalitet blir tema, seier Asheim.