Historisk arkiv

Rekordsal av norske påsketulipanar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tal frå Norsk Gartnerforbund viser at det vart selt 12 millionar norskproduserte tulipanar til påske. Norske gartneri og blomstergrossistar fekk rett før påske, i samarbeid med Matmerk,  på plass eit pilotprosjekt for å merke blomar med Nyt Norge.

– Nå er det ekstra viktig at vi stør opp om norske gartneri og blomsterbutikker. Nyt Norge-merket gjer det enkelt å velje norske blomar, og det kan medverke til verdiskaping over heile Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Olaug Bollestad
Å velge norske blomar er eit viktig bidrag til å sikre arbeidsplassar og omsetning både blant dei som produserer norske blomster og prydplanter, og dei som sel. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Det er første gongen Nyt Norge-merket blir brukt på andre produkt enn mat og drikke. Krava til merking er omlag dei same; veksttid i Noreg, pakka i Noreg og frå produsentar som kan dokumentere at de følgjer strenge norske reglar på området.

Pilotprosjektet kjem i gang etter initiativ frå Norsk Gartnerforbund og Matmerk. Målet er å auke salet av norske blomar og prydplanter ved å gjere det enklare for forbrukerane å finne norske produkt i butikken. Piloten går over to år (2020 og 2021), og det vil bli målt om kundane har lagt merke til og har preferanse for planter med Nyt Norge-merket. Fleire blomar og planteskolevarer vil bli merka med Nyt Norge gjennom året. Dette er også eit av tiltaka som er foreslått i rapporten som nyleg er levert av Grøntutvalet.

Norsk produksjon av blomar og planter står for ein årleg omsetnad på 1,2 milliarder kroner. Det aller meste av produksjonen skjer i veksthus. Næringa reknar at drøyt 2000 årsverk er direkte knytt til blomar.

Tulipanar er den største snittblomstkulturen i Norge. Sesongen varer frå oktober til april. Løken er importert, men så å seie alle tulipanar er produsert i Norge. Totalt 80 millionar i året.