Rekordstor utlysing til forskarskular

Forskningsrådet lyser ut om lag 325 millionar kroner til fleire nye nasjonale forskarskular. Det er ei dobling samanlikna med tidlegare utlysingar. BIONÆR og BIOTEK 2021 bidrar med ekstra midlar til forsking.

Fleire av Forskningsrådet sine program og satsingar bidreg no med ekstra midlar, i tillegg til dei ordinære midlane. Det er fyrste gong at ordninga får øyremerka omkring halvparten av midlane frå fleire tematiske forskingsprogram. Den andre halvparten av midlane blir løyva direkte frå Kunnskapsdepartementet til forskarskular, slik ordninga har vore finansiert tidligare.

BIONÆR (Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar) og BIOTEK 2021 (Bioteknologi for verdiskapingar) er to av fleire program som skal delfinansiere om lag halvparten av utlysninga, viss det kjem søknadar innanfor deira fagfelt. BIONÆR jobbar med å utløyse forsking og innovasjon for verdiskaping i jordbruk-, skogbruk- og naturbaserte verdikjedar. BIOTEK 2021 bidrar til Regjeringa sin nasjonale strategi for bioteknologi, som er viktig for utviklinga av jordbrukssektoren.

Søknadsfristen er 15. april.