Historisk arkiv

Rekordutbetaling til ExtraStiftelsen i 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

ExtraStiftelsen mottar 302 millionar kroner frå spelemiddeloverskotet i Norsk Tipping. Dette er 24,5 millionar meir enn i fjor.

– I 25 år har ExtraStiftelsen bidratt med pengar slik at frivillige helse- og rehabiliteringsorganisasjonar kan gjennomføre prosjekt som gjer kvardagen lettare for enkeltmenneske. Difor er det ekstra hyggeleg at ExtraStiftelsen mottar 302 millionar kroner i jubileumsåret sitt, seier kulturminister Trine Skei Grande. 

ExtraStiftelsen er eigd av frivillige organisasjonar og bidrar til realisering av prosjekt og forsking som fremjer fysisk og psykisk helse. Prosjekta spenner frå små lokale aktivitetar til store forskingsprosjekt.

ExtraStiftelsen vart overført til Norsk Tipping i 2016. 6,4  prosent av overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping vert fordelt til helse- og rehabiliteringsformål, gjennom ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering  (ExtraStiftelsen).