Historisk arkiv

Restaurering av vassdrag og våtmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Videotale til opninga av det 12. seminaret for restaurering av vassdrag og våtmark. Holdt torsdag 16. september 2021.

Kjære alle saman! Takk for at eg får opne det 12. nasjonale seminaret for restaurering av vassdrag og våtmark.

Sidan 2015 har denne regjeringa satsa på restaurering av vassdrag, myr og anna våtmark -  som kombinert klima- og naturmangfaldtiltak. Det er nemleg slik at dei to største miljøutfordringane våre - å stanse klimaendringane og tapet av naturmangfald - er like alvorlege, og dei heng saman. Vi må derfor sjå dei i samanheng.

Eg skal nemne eit eksempel på det: Dersom vi restaurerer ei myr som har vore drenert, gir det for det første plass for fleire artar. Naturen blir meir mangfaldig og samanhengande.

Myra kan dessutan dempe tørke ved at den held betre på vatnet, og den tek unna mindre flaumar som skuldast klimaendringar. Det er ein del av klimatilpassinga.

I tillegg aukar myr og våtmark lagringa av karbon som bremsar klimaendringar, og bidrar til å få ned dei samla norske klimagassutsleppa.

Restaurering av vassdrag og våtmark er altså ei vinn-vinn-løysing.

Så konklusjonen er at naturrestaurering er noko vi må gjere mykje meir av. Ikkje berre det neste tiåret, som FN har vedtatt som naturrestaureringa sitt tiår.

Vi går også inn i det avgjerande tiåret der alle land må leggje tyngde bak arbeidet med å nå berekraftsmåla til FN innan 2030. Og vi går inn i det avgjerande tiåret for å nå klimamåla for 2030 i lag med EU.

Naturrestaurering er ikkje berre viktig for å nå dei internasjonale måla Satsinga er også viktig fordi den norske naturen er livsgrunnlaget vårt – og ikkje minst leveområdet for over 40.000 artar.

Naturen gjer Noreg er eit godt land å bo i, og den gir oss heilt uvurderlege tenester. Mange kallar desse tenestene for "gratistenester". Men dei er ikkje eigentleg heilt gratis, er dei vel? Vi må bruke naturen rundt oss på ein slik måte at også framtidige generasjonar kan leve gode liv.

Naturrestaurering er den einaste måten å få meir natur på.

I Noreg er vi så heldige at vi har mykje natur igjen. Men dei siste 10 åra har om lag 540 kvadratkilometer blitt bygd ned og 200 kvadratkilometer dyrka opp - eit areal større enn heile Oslo og Bærum, inkludert heile marka rundt. Restaureringa som skjer i dag er ikkje i nærleiken av å vege opp for det tapet av natur som har førekomme og framleis førekjem.

Til saman er 330 artar og 12 naturtypar i elvar, innsjøar og våtmark truga.

Årsakene til den alvorlege tilstanden er mange og komplekse. Det har vore praktisert ei bit-for-bit nedbygging av naturen som har ført til at den intakte naturen har blitt meir fragmentert. Forsuring og overgjødsling har også redusert miljøtilstanden i altfor mange vassdrag.

I tillegg er klimaendringane ein av dei største truslane for biologisk mangfald globalt.

 

Legg vi alle desse påverknadsfaktorane saman, er det ikkje rart at det krevst store og omfattande tiltak for å betre den økologiske tilstanden for vassdrag og våtmarker.

Allereie i stortingsmeldinga om naturmangfald i 2015 gjorde regjeringa det globale målet om å restaurere 15 prosent av økosystema til eit norsk mål. I tillegg peikte meldinga på at restaurering av myr og betre vassforvaltning er regjeringa sine viktigaste tiltak for å følgje opp dette målet.

Til no har vi lukka meir enn 200 kilometer grøft i om lag 80 myrer.

Miljødirektoratet har oppdatert planen for restaurering av myr og anna våtmark. Dei kjem med forslag til ein strategi for restaurering av vassdrag for det neste tiåret.

Denne strategien vil bli presentert for oss i dag. Ein nasjonal plan for vassdragsrestaurering fram mot 2030 skal følgje opp strategien.

Sjølv eit lite restaureringsprosjekt kan gje store ringverknadar ved at det bind den intakte naturen saman og styrkar dei økologiske samanhengane. Fleire restaureringsprosjekt i lag vil føre til at vi kan gå frå ein bit-for-bit nedbygging av vassdrag og våtmark til ein bit-for-bit "oppbygging".

Vi har fleire eksempel på vellukka restaureringsprosjekt- og tiltak i norske våtmarker og vassdrag dei siste åra. I Gaulavassdraget i Trøndelag er det fjerna hinder for vandringa til laksen, og det er gjenskapt kantvegetasjon, gytegrus og kulpar. I Alnaelva i Oslo blir det gjenopna sidebekkar, og avløpsnettet blir rehabilitert og fornya. Oslo kommune har også gjort tiltak for å gje fisk og botndyr betre levekår.

For å gjennomføre endå fleire vellukka restaureringsprosjekt, treng vi både meir kunnskap og meir utveksling av erfaring. Det vil dette seminaret bidra til.

Eg vil takke Miljødirektoratet, NVE og dei andre direktorata som står bak programmet, og Vassforeininga som står for det tekniske. Og ikkje minst takk til alle dykk som engasjerer dykk i arbeidet med restaurering av vassdrag og våtmark. Dykkar engasjement, dykkar erfaringar og ikkje minst dykkar kunnskap er heilt essensielt i denne satsinga.

Lukke til med seminaret og med det vidare arbeidet!