Historisk arkiv

Retningslinjer for barnevernsfaglege masterutdanningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Kunnskapsdepartementet har sendt forslag til forskrift om retningslinjer for to barnevernsfaglige masterutdanninger på høring: masterutdanning i barnevern og masterutdanning i barnevernsarbeid.

- Gode utdanningar er avgjerende for at barn og familiar skal møte eit barnevern med høg kompetanse. Dei barnevernsfaglege masterutdanningane vil vere sentrale for å dekke barnevernstenestene sine behov for kvalifisert arbeidskraft i framtida. Derfor er det også viktig for oss å få høyringsinstansane sitt syn på om dei nye retningslinjene er i tråd med kompetansebehovet i tenestene, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).

Du kan lese forslaget til forskrift for retningslinjer her.

Dei nye retningslinjene skal sjåast i samanheng med regjeringa sitt forslag om å innføre krav om mastergrad i det kommunale barnevernet, som blei sendt på høyring tidlegare i vår. Ny forskrift om retningslinjer for utdanningene skal gjelde for opptak fra studieåret 2022/2023.

Høyringsfristen er 30. september.