Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Rikskonsertane vert lagt om

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane skal leggjast om med verknad frå andre halvår 2012.

Den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane skal leggjast om med verknad frå andre halvår 2012.

3,75 millionar kroner som har inngått i Rikskonsertane sine offentlege konsertar, vert difor omdisponerte i 2012 til nye konsertformer i Rikskonsertane. Det vil bli utvikla konsertprogram tilpassa mindre stader og andre arenaer, som arbeidsplassar, ungdomsklubbar og institusjonar. Den nye konsertverksemda i Rikskonsertane vil ha utgangspunkt i skulekonsertordninga. Musikarar som allereie turnerer gjennom skulekonsertane, kan no også helde kvelds- og arbeidsplasskonsertar.

Vidare vert delar av midlane overførte til tilskotsordningane for arrangørar og musikarar under Norsk kulturråd. Desse ordningane vert totalt auka med 12 millionar kroner til konsertverksemd innanlands i 2012. Styrkinga vil bidra til å utvikle og byggje opp arrangørmiljø i heile landet og til at musikarar kan turnere i større delar av landet. 

Oslo World Music Festival vert skild ut av Rikskonsertane frå 1. januar 2012. Departementet vil arbeide for å finne ei løysing som sikrar festivalen sin eigenart og at den unike kompetansen festivalen har bygd opp, blir vidareført. Det er eit mål at festivalen skal utviklast vidare som del av verdsmusikkmiljøet. Dialog med andre knutepunktfestivalar om organisatorisk samarbeid er aktuelt. Det er sett av
4,4 millionar kroner til Oslo World Music Festival i 2012.