Riksveg 36 Slåttekås – Årnes i Telemark: Utbygging for vel 380 millionar kroner startar hausten 2016

- Med utbetringar og utbygging for vel 380 millionar kroner blir det enda tryggare og meir effektiv transport på den 7,1 kilometer lange strekninga Slåttekås - Årnes, på riksveg 36 i Telemark. Strekninga har ujamn standard, er prega av forfall og har hatt ein del møte- og utforkøyringsulykker. Arbeidet med å utbetre strekninga kan ta til hausten 2016, med fullføring ved årsskiftet 2018-2019, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Eit forslag om utbygging og finansiering av prosjektet, i kommunane Nome og Sauherad, blei lagt fram i statsråd i dag.

Riksveg 36, mellom Eidanger og Seljord, er eit viktig nord-sørsamband i Telemark og knyter dessutan saman hovudferdselsårene E18 og E134. 

Strekninga Slåttekås – Årnes skal utbetrast i dagens trasé og vil få ei breidd på 8,5 meter (10,5 meter i ein 220 meter lang tunnel). Utbygginga vil føre til at vegen blir mindre svingete og får betre bereevne og tryggare avkøyringar. I anleggsperioden skal det etablerast ein omkøyringsveg, som seinare blir ein permanent gang- og sykkelveg.

Utbygginga er rekna å koste 383 millionar 2015-kroner. Prosjektet skal finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege løyvingar, i tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak om å framskunde prosjektet.

- Prosjektet skulle opphavleg finansierast fullt ut med bompengar, men denne regjeringa har no lagt inn 56 millionar kroner i statleg finansiering. I tilegg vil belastninga for bilistane bli redusert som følgje av bompengereform og ordning med rentekompensasjon for bompengeprosjekt, seier samferdselsministeren.

Rentekompensasjon for bompengelån – skal komme bilistane til gode

- I forslaget er bompengeopplegget basert på ein føresetnad om 6,5 prosent lånerente. Regjeringa legg no opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. I tillegg vil regjeringa innføre ei ordning med statleg bidrag til reduserte bompengeutgifter i prosjekt som blir lagde inn i dei nye bompengeselskapa.

- Ein slik rentekompensasjon skal komme bilistane til gode i form av lågare takstnivå eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjektet blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Kartskisse og fleire opplysningar: Prop. 108 S (2014-2015) Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Slåttekås – Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark og kostnadsramme for E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen i Sør-Trøndelag

 Samferdselskartene