Riksveg 7 over Hardangervidda: Ny utgreiing frå Statens vegvesen

Statens vegvesen tilråder 6,25 kilometer tunnel og opprusting av riksveg 7 over Hardangervidda. Dette er hovudkonklusjonen i ei konseptvalutgreiing (KVU) som Statens vegvesen la fram i dag.

Tilrådinga omfattar mellom anna bygging av  Dyranuttunnelen på 6,25 kilometer. Overskottsmasser frå utbygginga skal nyttast til å gi vegen ein høgfjellsprofil, ved mellom anna å heve vegen i terrenget på den vestre enden av Hardangervidda. Det er også aktuelt med utbetringar på andre utsette strekningar. Dyranuttunnelen vil åleine føre til betre forhold for villreinen. Statens vegvesen peikar òg på ytterlegare to tunnelar over Hardangervidda, som i framtida kan syte for ytterlegare betring i vinterregulariteten.

Den tilrådde tunnelløysinga og heving av vegen styrkjer vinterregulariteten for vegfarande og er med på å leggje til rette for regional utvikling.

Med denne løysinga vil ein også oppretthalde og vidareutvikle riksveg 7 over Hardangervidda som nasjonal turistveg. Føresetnadene er at ein driftar og held ved like  gamlevegen og byggjer ut med sørvistilbod på ein måte som tar omsyn til at ein her har ein viktig turistveg.

Investeringskostnader

Den tilrådde løysinga frå Vegvesenet er ein redusert variant av det som kallast "Konsept 2 – korte tunnelar". Investeringskostnadene for den tilrådde løysinga er rekna til i alt to milliardar kroner. Dette  er halvparten av det ei full utbygging av Konsept 2 ville ha kosta. "Vi ser det som vesentleg meir realistisk å skaffe finansiering til ei etappevis utbygging enn å finansiere bygginga av ein lang tunnel under vidda", går det mellom anna fram av utgreiinga frå Statens vegvesen.

Statens vegvesen vil med det første sende konseptvalutgreiinga ut på høyring. På oppdrag frå  Samferdselsdepartementet skal det også  gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring av utgreiinga.

Hovudvegsamband aust-vest

Konseptvalutgreiinga om riksveg 7 over Hardangervidda vil vere ein del av  grunnlaget for avgjerda om det framtidige hovudvegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet. Grunnlaget for denne avgjerda omfattar også ei større utgreiing som Statens vegvesen la fram i januar i år, som tok for seg fleire alternativ  for aust-vestsamband på vegnettet. Denne utgreiinga har no  vore på ein omfattande høyringsrunde.

Innkomne høyringsfråsegner, for denne og andre utgreiingar,  vil vere viktige delar av grunnlaget for avgjerd som gjeld framtidig hovudvegsamband aust-vest.

Les rapporten: "Konseptvalgutredning Rv 7 over Hardangervidda" (Statens vegvesen oktober 2015)