Historisk arkiv

Utgreiingar om 10 nye riksvegprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Vegdirektoratet no gjennomføra utgreiingar om val av hovudløysingar for 10 nye utbyggingsprosjekt på riksvegnettet. Desse prosjekta er dermed eit viktig steg nærmare gjennomføring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- På oppdrag frå Samferdselsdepartementet skal Vegdirektoratet no gjennomføra utgreiingar om val av hovudløysingar for 10 nye utbyggingsprosjekt på riksvegnettet. Desse prosjekta er dermed eit viktig steg nærmare gjennomføring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Slike utgreiingar, som blir kalla ”Konseptvalutgreiing, KVU, skal gjennomførast for desse prosjekta:

• Rute 2b Rv 35 Hokksund – Åmot – Jevnaker
• Rute 3 E39 Søgne – Ålgård
• Rute 4a E39 Aksdal – Bergen (inkl. Hordfast)
• Rute 5a E134 Kongsberg – Gvammen
• Rute 5c E16 Bjørgo – Øye
• Rute 6c Rv 15 Strynefjellet
• Rute 7 E6 Trondheim – Steinkjer
• Rute 8a E6 Hammarøy – Ballangen
• Rute 8a E10 Evenes – Sortland
• Bypakke Tønsberg

For strekninga Trondheim – Steinkjer skal utgreiinga òg omfatta jernbane, og utgreiingsarbeidet skal skje i samarbeid med Jernbaneverket. Konseptvalutgreiingane vil bli kvalitetssikra av eksterne konsulentar.

Samferdselsdepartementet har elles avgjort at desse 6 riksvegprosjekta skal få unntak for ”Konseptvalutgreiing, KVU” og ekstern kvalitetssikring:

• Rute 3 Rv 23 Dagslett – Linnes – Lier (kommuneplan vedtatt). Her vil likevel behovet for tilknyting mellom eventuell godsterminal på Lierstranda og riksvegnettet (E18 og Rv 23) vera eige vurderingstema i KVU for godsterminal.
• Rute 4a E39 Vikanes – Romarheim (utbetring eksisterande veg)
• Rute 6b Rv 3 Løten – Grundset (er omfatta av KVU E6 Kolomoen – Lillehammer)
• Rute 6e Rv 70 Innfartsveg til Kristiansund (utbetring eksisterande veg)
• Rute 7 E6 Sørelva – Borkemo og Rv 77 Kjernfjellet (utbetring eksisterande veg)
• Rute 8b E6 Sørkjosfjellet (utbetring eksisterande veg).

Dei fleste konseptvalutgreiingane skal vera ferdig i løpet av 2010.

For fleire opplysninga – sjå:

Brev frå Samferdelsdepartementet til Vegdirektoratet av 19. mars 2010 (pdf)


For meir informasjon kontakt pressevakta: Telefon 919 14 777 (kvardagar kl. 08 – 16)