Historisk arkiv

Rimelegare togreiser frå 14. oktober: 20 prosent rabatt på månads- og årskort

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Betre vedlikehald av jernbanenettet, fleire nye togsett og bruk av nye dobbeltspor bidrar til at passasjertala for persontogtrafikken er rekordhøg. I oktober blir prisane på månadskorta og årskorta til NSB redusert med 20 prosent over store delar av landet. Rimelegare periodekortreiser legg til rette for at enda fleire vel toget til og frå arbeid, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Rabattordninga er eit resultat av budsjettforliket på Stortinget mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti i samband med behandlinga av forslaget til statsbudsjett for 2016.

Rabattordninga betyr at dei reisande med NSB får 20 prosent rabatt på månads- og årskort utanfor takstsamarbeidsområda. I geografiske område der kollektivtransportselskapa har eit pris- og billettsamarbeid (takstsamarbeid) med NSB vil ikkje rabatten gjelde. Døme på dette er  Ruter i Oslo og Akershus, Kolumbus i Rogaland og AtB i Sør-Trøndelag.

Tidkrevjande å finne ein god modell for gjennomføring
Det har vore utfordringar med å finne ei teknisk god løysing på gjennomføringa av prisreduksjonen i sal- og billetteringssystemet til NSB. Ulike prismodellar, som tek omsyn til behovet for ein enkel og logisk prisstruktur for kundane, har vore vurderte. Det har difor teke noko tid å finne fram til den beste modellen for gjennomføring, men frå 14. oktober 2016 kan togpassasjerane kjøpe rabatterte månads- og årskort.

For fleire opplysningar – sjå: