Ringeriksbanen: Ekstern kvalitetssikring støttar opp under tilrådingane frå Jernbaneverket og Statens vegvesen

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Utgreiingane frå Jernbaneverket og Statens vegvesen om Ringeriksbanen er gode. Tilrådingane frå desse to etatane får i stor grad tilslutnad i ei kvalitetssikring som er lagt fram, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dovre Group og Transportøkonomisk institutt har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet kvalitetssikra tre utgreiingar frå Jernbaneverket og Statens vegvesen om Ringeriksbanen.

Kvalitetssikringsrapporten støttar i all hovudsak tilrådingane som dei to transportetatane har kome med i utgreiingane. Dette omfattar mellom anna at strekninga mellom Sandvika og Hønefoss bør byggjast ut med dobbeltspor, og at traseen bør gå over Kroksund i staden for over Åsa i Buskerud.  

Endring i samfunnsøkonomisk lønsemd
Medan transportetatane rekna ut at Ringeriksbanen vil koste 19,7 milliardar kroner og ha ein netto noverdi på -15,7 milliardar kroner, har Dovre Group og Transportøkonomisk institutt kome fram til ein kostnad på 19 milliardar kroner og ein netto noverdi på -10,9 milliardar kroner. Dette betyr at den samfunnsøkonomiske lønsemda er rekna ut til å vere betre i kvalitetssikringsrapporten enn i utgreiingane frå Jernbaneverket og Statens vegvesen.  

Grenseflater mot E16 Skaret-Hønefoss
Medan kvalitetssikringa primært har omhandla Ringeriksbanen, tek utgreiingane frå transportetatane for seg utbygging av både jernbane og veg på E16 mellom Skaret og Hønefoss.

Frå Kroksund til Hønefoss tilrår dei to etatane å leggje jernbane og veg i ein hovudsakleg felles trasé over Helgelandsmoen. Om både veg og bane blir bygd ut på denne strekninga, viser kvalitetssikringa at den prissette nytten ved tiltaket aukar med om lag 4 milliardar kroner. Samstundes aukar investeringskostnadane. Netto noverdi for utbygging av både veg og bane blir tilnærma lik som netto noverdi for utbygging av jernbane aleine.

Kvalitetssikringa viser òg at eit felles prosjekt kan gi kostnadsgevinstar på om lag 50- 300 millionar kroner. Dette er lågare enn i rapportane frå Jernbaneverket og Statens vegvesen. Men både kvalitetssikringa og transportetatane meiner det er naudsynt med sams planlegging av veg og bane på strekninga.

Vidare framdrift
Kvalitetssikringsrapporten blir ein viktig del av grunnlaget når regjeringa skal ta stilling til vidare planlegging og trasé for Ringeriksbanen. 

 

For fleire opplysningar – sjå: