Historisk arkiv

Jernbaneverket og Statens vegvesen tilrår trasé for Ringeriksbanen og ny E16

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Jernbaneverket og Statens vegvesen har kome med eit solid fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med Ringeriksbanen og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss. Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at dei to etatane i dag har lagt fram siste del av fellesutgreiinga om jernbane- og vegutbygging mellom Sandvika og Hønefoss.

Mellom Sandvika og Skaret er avgjerda om E16-traseen tatt tidlegare. For Ringeriksbanen tilrår etatane ei tunnelløysing frå Sandvika til Kroksund. Denne løysinga opnar for mogleg stasjon i dagen ved Avtjerna i Bærum kommune.

Frå Kroksund til Hønefoss tilrår dei to etatane å leggje jernbane og veg i ein hovudsakleg felles trasé over Helgelandsmoen. Utgreiinga peikar på utfordringar med å byggje veg og jernbane gjennom eit område med store natur-, kultur- og landbruksverdiar. Gjennom eit godt samarbeid mellom Statens vegvesen og Jernbaneverket, samt involvering av  ulike statlege interesser, er trasétilrådingane baserte på eit solid kunnskapsgrunnlag.

Vidare framdrift – kvalitetssikring og høyringsrunde
Utgreiinga frå Jernbaneverket og Statens vegvesen er no til kvalitetssikring eksternt. Regjeringa tek stilling til vidare framdrift i løpet av våren 2015.

- I lag med andre statlege etatar har Jernbaneverket og Statens vegvesen arbeidd raskt og godt om denne utgreiinga. Saman med dei to tidlegare delrapportane om E16 og Ringeriksbanen har vi no fått eit godt avgjerdsgrunnlag. Dette grunnlaget viser mellom anna korleis ein kan planlegge dette prosjektet fleire år raskare enn ein tradisjonell planprosess tilseier. Desse erfaringane vil bli tatt med vidare for å redusere planleggingstida i andre prosjekt, seier samferdselsministeren.

Utgreiinga skal òg på høyringsrunde til kommunar som dei tilrådde traseane går igjennom.

For fleire opplysningar – sjå:

  • Nyhendesak på nettsida til Jernbaneverket, mellom anna med lenkje til rapportdokumenta og animasjonsfilm for tilrådd trasé frå Kroksund mot Hønefoss.