Rissa og Leksvik leverer søknad om samanslåing

Tysdag kjem kommunane Rissa og Leksvik for å levere sin søknad om samanslåing til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

  • Tid: Tysdag 22. desember klokka 12
  • Stad: Akersgata 59, 0032 Oslo

Presse som vil vere med på møtet kan ta kontakt med departementet sin pressetelefon.

Kommunane skal ha felles kommunestyremøte måndag ettermiddag. Vi tek atterhald om at kommunane da fattar vedtak om samanslåing.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00