Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Pengar til laksetrapp i Vefsna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa foreslår å gje 6,6 millionar kroner til laksetrapper i Vefsna i Nordland.

– Etter 30 år med dårleg fiske i Vefsna som følgje av gyro-smitte, blei elva endeleg friskmeld i fjor haust. No rehabiliterer vi dei viktigaste fisketrappene, slik at laksen igjen kan etablere seg i større delar av vassdraget, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

4,6 millionar kroner skal gå til bygging av ei ny trapp i Laksfors og to millionar går til restaurering av ei trapp i Fellingsfors. Denne siste trappa blei delvis øydelagt av steinras, og laks som vandra oppover kunne bli skada. I 2017 vart det ved Stortingets behandling av budsjettet bevilga 10 millionar kroner til laksetrappene i Vefsnavassdraget.

– Noreg har eit særskild ansvar for å ta vare på villaksen, og Vefsna har vore ei særs viktig lakseelv i Nord-Noreg. Friskmeldinga av Vefsna i fjor haust viser at det nyttar. Når dei viktigaste fisketrappene no vert rehabiliterte, kan laksen igjen vandre oppover i vassdraget, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.Gyrodactylus salaris er ein introdusert parasitt som kan utrydde heile bestandar av villaks i dei elvene som blir smitta. Ni av ti elver i Vefsn-regionen i Nordland vart friskmeld for gyro hausten 2017 etter at elvene var ferdig behandla med rotenon i 2012. No er reetableringa av fisk i elvene godt i gang.

– Villaksen er ein viktig del av norsk vassdragsnatur. Ein stor del av bestandane høyrer heime i norske vassdrag, og internasjonalt har Noreg eit særskilt ansvar for villaksen. Målet i norsk villaksforvalting er å bevare og byggje opp att laksebestandane våre, seier Elvestuen.