Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett

Noreg vil styrkje arbeidet for global helse på grunn av koronapandemien

- I Malawi er det berre utført 600 covid-19-testar i ei befolkning på 17,5 millionar. Det er heilt avgjerande at fleire utviklingsland kan teste fleire og får tilgang på smittevernutstyr, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

Dei fattigaste og mest sårbare kan bli hardast ramma av koronapandemien. Pandemien gjer det naudsynt å styrkje innsatsen for global helse. Regjeringa føreslår difor å auke løyvinga med 541 millionar kroner, til totalt 4,152 milliardar kroner i 2020.

Det er store behov innanfor smittevern, testing og handsaming i samband med koronapandemien. Difor vil vi auke støtta til global helse.

- For å førebyggje smitte vil vi medverke til å betre dei sanitære tilhøva. Vi vil også trappe opp innsatsen mot svolt og underernæring, seier utviklingsministeren.

Regjeringa vil mellom anna støtte arbeidet med å styrkje helsetenester og verne sårbare grupper. Innsatsen kan også omfatte informasjonskampanjar, hygienetiltak, støtte til sjukehusdrift og behandling, og andre helsemessige konsekvensar av covid-19.

Av den auka løyvinga vil 150 millionar kroner gå til prioriterte land, mellom anna til Malawi, Mosambik, Nepal, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.

- Covid-19 rammer Afrika hardt. I Sudan har helseministeren sagt at dei snart vil være tomme for medisinar og smittevernutstyr. Det er heilt essensielt at Noreg responderer på behova, og derfor løyver vi pengar til mellom anna smittevernutstyr, medisinar og syter for fleire testar i Afrika, seier Ulstein.

4. mai deltok statsminister Erna Solberg, saman med ei rekkje stats- og regjeringssjefar, på det første møtet for den internasjonale gjevarkonferansen mot covid-19, som Europakommisjonen har teke initiativ til. I tillegg til bidraget til vaksinekoalisjonen Cepi annonserte statsministeren òg norske bidrag på 10,25 milliardar kroner for perioden 2021–2030 til den globale vaksinealliansen Gavi.

Noreg har allereie gjeve store bidrag til utvikling av ein vaksine gjennom Cepi. For perioden 2017–2025 gjev vi eit tilskot på 1,6 milliardar kroner. I 2020 har vi løyvt 236 millionar kroner i ekstra midlar som er øyremerka covid-19. I tillegg er det gjeve tilsegn om to milliardar kroner for perioden 2021–2030.

Eit ytterlegare bidrag til WHO på 50 millionar kroner for å styrkje organisasjonen si evne til å føre an i kampen mot pandemien, vart også kunngjort under gjevarkonferansen.

- Vi veit at vi ikkje har nådd målet før vaksinane, medisinane og testane som blir utvikla og produserte, har kome fram til dei som treng hjelpa først og aller mest. Noreg vil arbeide for eit system som sikrar rettferdig tilgang til vaksinar og medisin. Gavi har ei viktig rolle i samband med dette, seier utviklingsminister Ulstein.

- Det er viktig at vi handterer koronapandemien, men vi må fortsatt ha fokus på andre smittsomme sjukdommar. Berre tuberkolose tar cirka 4000 liv kvar dag. WHO er sterkt bekymra for at 13 millionar barn ikkje får vaksine mot polio, meslingar og kolera. Derfor vil det være ekstra behov for Gavi sin innsats i åra framover, seier Ulstein.

 

Til toppen