Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Røsland i Genève

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Røsland deltek på det årlege møtet i eksekutivkomiteen til FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Genève 2. oktober.

- Rekordmange menneskjer, over 65 millionar, er på flukt frå krig og konflikt. Noreg er en betydeleg bidragsytar til den humanitære innsatsen i flyktningkrisar verda over. Vi bidrar særskilt til at born og unge skal få tilgang til utdanning når dei er på flukt, seier statssekretær Marit Berger Røsland.  

Røsland skal ha eigne møte med representantar for UNHCR, Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) og Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC).  

Måndag kveld deltek Røsland på utdelinga av Nansenprisen, ein pris som kvart år vert utdelt av UNHCR i samarbeid med Flyktninghjelpa, med støtte frå mellom andre Noreg.