Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

457 millionar kroner meir til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 457 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 457 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.
 
Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.
Kommune Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1101 Eigersund

11,2

1102 Sandnes

61,8

1103 Stavanger

102,6

1106 Haugesund

27,5

1111 Sokndal

2,6

1112 Lund

2,7

1114 Bjerkreim

3,0

1119 Hå

16,0

1120 Klepp

15,9

1121 Time

15,5

1122 Gjesdal

10,9

1124 Sola

23,2

1127 Randaberg

8,8

1129 Forsand

1,5

1130 Strand

9,4

1133 Hjelmeland

2,7

1134 Suldal

3,0

1135 Sauda

3,6

1141 Finnøy

2,9

1142 Rennesøy

4,2

1144 Kvitsøy

0,4

1145 Bokn

1,2

1146 Tysvær

12,6

1149 Karmøy

32,0

1151 Utsira

0,3

1160 Vindafjord

8,4

Rogaland

383,9

 

Rogaland fylkeskommune

73,0

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00